Das Wohltemperierte Klavier (BWV 846–893) er ei samling med to bind preludium og fugar, skrivne av Johann Sebastian Bach. Kvart av binda inneheld 24 par preludium og fugar i alle dur- og molltonearter, kor stykka er ordna i kromatisk rekkefølge frå C-dur til h-moll. Manuskriptet til det første bindet blei ferdigstilt i 1722, der kor enkelte stykke er omarbeidingar frå andre verk. Det andre bindet finst i heilskap kun i avskrifter, kor den eldste er datert til 1740-åra.
Den opne instrumentasjonen gjer framføring på ei rekke tasteinstrument mogleg; blant andre historiske instrument som cembalo, klavikord og orgel, i tillegg til det moderne pianoet. På tittelbladet til manuskriptet baud Bach på samlinga «til nytte og bruk hos vetelysten musikalsk ungdom, så vel særskilt tidsfordriv hos dei som allereie er føre i dette studiet». Framsynt som Bach var, er samlinga i ettertida blitt rekna for å vere ein hjørnestein i klaverlitteraturen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.