Det Norske Akademis ordbok (NAOB) er eit digitalt ordboksverk for riksmål og moderat bokmål. Ordboka dekkjer skriftspråk frå byrjinga av 1800-talet til i dag, og inneheld rundt 200 000 ordartiklar. NAOB blir utgjeven av Det Norske Akademi for Språk og Litteratur.
Faktaboks
- Også kjend som
- NAOB
Det Norske Akademis ordbok er ei vitskapleg dokumentasjonsordbok basert på Norsk Riksmålsordbok, som vart utgjeven i fire band frå 1937 til 1957, med to tilleggsband frå 1995.
Ordboka definerer også faste uttrykk, og ord og uttrykk er supplert med døme frå skjønnlitteratur og sakprosa (inkludert avistekstar) frå om lag 1814 til i dag.
Redaksjonsspråket er moderat bokmål. Ordboka er normerande, og det blir normalt ikkje gjeve bøyingsopplysningar for radikalt bokmål. Definisjonar og døme er derimot redigerte ut ifrå eit breitt grunnlag, som også omfattar radikalt bokmål og noko dialekt.
Kulturdepartementet vedtok å gje økonomisk støtte til Det Norske Akademis ordbok i 2000, og er hovudfinansieringskjelda for prosjektet. I tillegg har ordboka støtte frå private bidragsytarar.
Ordboka vart publisert 21. desember 2017 og lansert 24. januar 2018.
Kommentarar (2)
skreiv Jon Langdal
Hei! Eg er usikker på i kva grad Det Norske Akademis ordbok representerer offisiell norsk rettskriving. Ordet "tankesett" som vel er svenskinspirert, står ikkje oppført i Bokmålsordboka. Er likevel ordet godkjendt som korrekt i offisiell bruk?
Mvh
Jon Langdal
svarte Børge Nordbø
Hei! Det Norske Akademis ordbok er ei ordbok som beskriv språket slik det er brukt frå ca. 1830 til i dag. Det er altså ikkje ei rettskrivingsordbok, men redaksjonsspråket og bøyingsopplysningane følgjer rettskrivinga for moderat bokmål.
«Tankesett» er ikkje oppslagsord i Bokmålsordboka, men eg ser ordet er brukt i dømet under tyding 2 av «coache». Mange samansetjingar står ikkje i ordbøkene, men så lenge grunnorda «tanke» og «sett» står der, er det ingen grunn til ikkje å bruke ordet.
Beste helsing
Børge Nordbø
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.