Erik er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Ei-ríkr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘aleine; eineståande’ og etterleddet ‘mektig; herskar’.
Erik (mannsnamn)
Kjende personar med namnet Erik
Eit utval personar med namnet Erik, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Erik av Pommern (1382–1459)
- Erik Pontoppidan (teolog) (1698–1764)
- Erik Werenskiold (1855–1938)
- Erik Erikson (1902–1994)
- Erik Bye (1926–2004)
- Erik Rostbøll (1926–2021)
- Jan Erik Vold (1939)
- Erik Solheim (1955)
- Erik Solér (1960)
- Erik Thorstvedt (1962)
- Erik Mykland (1971)
- Jan-Erik Fjell (1982)
Namnestatistikk
I 2022 var det 21 058 menn i Noreg som hadde Erik som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Erik var blant dei 20 mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 106 gutar som fekk namnet Erik.
Av dei som heitte Erik i perioden 1900–2017, var det 61 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Erik. Dette inneber at 39 prosent hadde Erik som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Erik har ein kurveprofil som avvik frå andre nordiske tostava namn som endar på konsonant. Det var mest brukt tidleg på 1800-talet, og i perioden 1805–1809 låg Erik som nummer 10 på ranglista. Namnet fekk så ein ny toppfase i 1980-åra, men då var Erik berre halvparten så mykje brukt som i den fyrste toppfasen tidleg på 1800-talet. Sidan år 1900 har Erik vore brukt nesten dobbelt så mykje som Eirik.
Geografisk variasjon på 1800-talet

Erik var mest brukt i Hedmark, Oppland, Buskerud, Sogn og Fjordane og Sør-Trøndelag. I mange fylke brukte registerføraren skriftforma Erik der talemålsforma var Eirik.
Erik var mest brukt i Hedmark, Oppland, Buskerud, Sogn og Fjordane og Sør-Trøndelag. I mange fylke brukte registerføraren skriftforma Erik der talemålsforma var Eirik.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Lindquist, Ivar 1939: Omkring namnet [Erik. Namn och Bygd 27].
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.