Grannar er ei norsk lokalavis som kjem ut i Etne i Vestland fylke med to utgåver i veka i papirformat og som dagleg oppdatert nettavis. Avisa dekkjer primært kommunane Etne og Vindafjord. Ho vart grunnlagt i 1973 og blir gitt ut av Grannar AS som har berre lokale aksjonærar. Avisa fusjonerte i 1989 med lokalavisa Vindafjordingen, som dekte den dåverande Vindafjord kommune. Bladet er medlem av Landslaget for lokalaviser.
Grannar (avis)
Faktaboks
- Offisielt namn
- GRANNAR AS
- Organisasjonstype
- Aksjeselskap
- Forretningsadresse
- Etne
- Stifta
- 11.04.1973
- Dagleg leiar
- Arve Skogen
- Styreleiar
- Asbjørn Moe

Digitalt
Grannar publiserer artiklar både på papir og på digitale flater. Ordninga med betalingsmur for ikkje-abonnentar gjeld det meste av artikkelstoffet.
Historie

Hausten 1975 søkte Grannar om medlemskap i Norske Avisers Landsforbund (NAL). I svaret viste NAL til reglane for medlemskap, som stilte krav om to utgåver kvar veke. Dispensasjon kunne berre givast til aviser som representerte «eit klart idémessig og/eller politisk formål». Grannar hadde éi utgåve i veka, og ingen annan ideologi enn å gi ut eit upolitisk bygdeblad på nynorsk. Brevet vart derfor oppfatta som eit avslag. Sidan NAL ikkje tok vare på interessene til dei minste avisene, tok Grannar initiativ til ei eiga foreining, Landslaget for lokalaviser. Ingolv Vevatne (biletet) leidde arbeidet fram til skipingsmøtet, som vart halde på Voss 15. mai 1976.
Grannar kom med sitt første prøvenummer 1. mars 1973 og starta ordinær drift 30. september same år. Bak avisa stod det ein lokal komité med utspring i Skånevik mållag. Hans Olav Tungesvik, tidlegare formann i Noregs Mållag og seinare stortingsmann for KrF, var formann i det første styret, medan Ingolf Vevatne var sekretær. Avisa skulle dekkje dei to nabokommunane Etne og Ølen, men det vart også presisert at ho skulle vere eit bygdeblad for Åkra-fjorden, Skånevik, Etne, Ølen, Bjoa og Vikebygd. Etne og Ølen ligg aust for Haugesund. Begge kommunane hadde vorte større ved kommunerevisjonen på 1960-talet, men samla folketal i 1973 var likevel ikkje høgare enn 6700.
I byrjinga hadde avisa éi utgåve kvar veke, og ein fast tilsett som var både redaktør, forretningsførar og annonseseljar. Frå 1976 hadde Martha Osnes denne stillinga. Den første utvidinga skjedde i 1978, då ho gjekk over til to utgåver i veka og dessutan tilsette Rune Hetland (seinare redaktør og generalsekretær i Landslaget for lokalaviser) som journalist. Målet med satsinga, som var finansiert ved banklån, var å få statsannonsar og pressestøtte. Begge delar lykkast. Gjennom 1980-talet hadde avisa likevel ein trong økonomi og var nøydd til å drive svært nøkternt. Opplaget svinga mellom 2400 og 2100.
Det neste gjennombrotet skjedde i april 1989, då Grannar vart slått saman med Vindafjordingen frå nabokommunen Vindafjord. Vindafjordingen var starta i oktober 1973, så dei to avisene var like gamle. Grannar var likevel storebroren av dei to. Før fusjonen hadde Vindafjordingen ei utgåve i veka, og opplaget var 1270 mot 2452 for Grannar. Grunnen til at dei slo seg saman, var at det ville gi ei større og dermed meir profesjonell avis. Fusjonen var vellykka, og allereie i 1992 hadde nye Grannar like høgt opplag (litt over 3700) som dei to gamle avisene til saman. Seinare har opplaget vore relativt stabilt.
Etne og Ølen låg opphavleg i Hordaland, Vindafjord i Rogaland, men dei tre kommunane hadde så nær kontakt at det var mogleg å gjere området om til eitt avisdistrikt. Seinare er dei administrative grensene endra. Først vart Ølen overført frå Hordaland til Rogaland fylke, og frå 2006 slo Ølen og Vindafjord seg saman til nye Vindafjord kommune. I dette tilfellet kom altså avisfusjonen før kommunerevisjonen.
Opplag
Opplagstal for Grannar, 1986-2023
tidspunkt | |
---|---|
1986 | 2381 |
1988 | 3600 |
1990 | 3690 |
1991 | 3690 |
1992 | 3731 |
1993 | 3740 |
1994 | 3844 |
1995 | 3918 |
1996 | 3822 |
1997 | 3943 |
1998 | 3962 |
1999 | 3941 |
2000 | 3920 |
2001 | 3923 |
2002 | 3906 |
2003 | 3883 |
2004 | 3893 |
2005 | 3858 |
2006 | 3875 |
2007 | 3929 |
2008 | 3889 |
2009 | 3852 |
2010 | 3816 |
2011 | 3682 |
2012 | 3548 |
2013 | 3548 |
2014 | 3575 |
2015 | 3582 |
2016 | 3534 |
2017 | 3527 |
2018 | 3499 |
2019 | 3507 |
2020 | 3469 |
2021 | 3508 |
2022 | 3462 |
2023 | 3393 |
År | Opplag |
---|---|
1986 | 2381 |
1990 | 3690 |
1998 | 3962 |
2008 | 3889 |
2015 | 3580 |
2017 | 3527 |
2018 | 3499 |
2019 | 3507 |
2020 | 3469 |
2021 | 3508 |
2022 | 3462 |
2023 | 3393 |
Til og med 2015 gjeld opplaget berre papirutgåva. Frå 2020 gjeld netto opplagstal for både digitalt abonnement og papirabonnement. Kjelda er opplagstala avisene rapporterar til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.
Fakta
- Grannar: prøvenummer 1. mars 1973, første ordinære nummer 30. september 1973
- Vindafjordingen: første nummer 5. oktober 1973, samanslått med Grannar frå 1. april 1989
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Faktaboks
- Sektorkode
- 2100 Private aksjeselskaper mv.
- Næringskode(r)
- 58.130 Utgivelse av aviser
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.