Guddalen er eit dalføre i Fjaler kommune i Vestland fylke. Guddalen ligg på sørsida av Dalsfjorden. I dalen renn Guddalselva, som munnar ut i Flekkefjorden, ein arm av Dalsfjorden. I dalføret blir det drive jord- og skogbruk.
Namnet kjem av norrønt Guðdalir (fleirtal), av guð, 'gud'; vitnar om heidensk gudsdyrking.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.