Halvard Bjørkvik var ein norsk historikar.
Bjørkvik vart cand.philol. i 1951, dosent i historie ved Noregs Lærarhøgskule frå 1961 til 1974, og direktør for Norsk Folkemuseum frå 1975 til 1989. Han var professor II i historie ved Universitetet i Oslo frå 1984, professor I frå 1990 til 1992, seinare seniorforskar.
I åra 1953–1954 og i 1973–1975 var Bjørkvik redaktør for det lokalhistoriske tidsskriftet Heimen. Han var mangeårig medarbeidar i Kulturhistorisk leksikon for nordisk mellomalder, og formann i Landslaget for bygde- og byhistorie i åra 1970–1979.
Bjørkvik har gitt ut mellom anna Jord-eige og jord-leige i Ryfylke i eldre tid (1958), Kven åtte jorda i den gamle leilendingstida? (1972, med Andreas Holmsen), Finnøy: Gard og ætt (bind 1, 1993) og Folketap og samanbrot 1350–1520 (1996, bind 4 i Aschehougs Norgeshistorie).
Bjørkvik er tildelt Kongens fortenstmedalje i gull.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.