Harriet er eit kvinnenamn som er engelsk form av det franske Henriette avleidd av mannsnamnet Henri som svarer til det nordiske Henrik.
Harriet (kvinnenamn)
Kjende personar med namnet Harriet
Eit utval personar med namnet Harriet, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Harriet Martineau (1802–1876)
- Harriet Taylor Mill (1807–1858)
- Harriet Beecher Stowe (1811–1896)
- Harriet Backer (1845–1932)
- Harriet Sofie Bosse (1878–1961)
- Harriet Löwenhjelm (1887–1918)
- Harriet Holter (1922–1997)
- Harriet Andreassen (1925–1997)
- Harriet Andersson (1932)
- Harriet Elisabeth Berg (1964)
- Lill Harriet Sandaune (1973)
Namnestatistikk
I 2022 var det 641 kvinner i Noreg som hadde Harriet som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 13 jenter som fekk namnet Harriet.
Utvikling i bruk av namnet
Det engelske Harriet låg på topp 1900–1904, og dette var noko før den sterkaste perioden for dei engelske kvinnenamna (1915–1924), mellom anna med namn på -y: Mary, Lilly, Anny, Nelly, Henny, Kitty, Elly og Nancy.
Utvikling i bruk av namnet Harriet frå 1800
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Geografisk variasjon på 1800-talet

Harriet var klart mest brukt i Kristiania.
Geografisk variasjon i bruk av namnet Harriet på 1800-talet.
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Harriet var klart mest brukt i Kristiania. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Harrieth.)
Historisk bruk av namnet Harriet
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.