Etter offentleg administrasjon og tenesteyting er varehandel/overnattings- og serveringsverksemd, målt etter sysselsetjing, den viktigaste næringa i Hemsedal, med 22 prosent av arbeidsplassane i kommunen (2019). Dette er i første rekkje eit resultat av veksten i turisttrafikken i kommunen. Det vert særleg satsa på vinterturisme, men i dei seinere åra har også sommarturismen auka kraftig. Det første alpinanlegget i kommunen ble åpnet i 1961, Hemsedal skisenter. Dette er sterkt utbygd sidan 1970-åra og det er også åpnet et større alpinanlegg i Grøndalen. Det er ei rekkje hotell, pensjonat, campingplassar, hyttegrender med meir i kommunen.
Samla har industri og byggje- og anleggsverksemd 17 prosent av arbeidsplassane, og industrien åleine tre prosent (2019). Industrisysselsetjinga er fordelt på dei tre bransjane næringsmiddelindustri (mange lokalmatprodusentar), trevare-/møbelindustri og gummi-, plast- og mineralsk industri, med høvesvis 54, 31 og 14 prosent av dei sysselsette i industrien (2019).
Jordbruket omfattar seks prosent av arbeidsplassane i Hemsedal (2019). Som fjellbygd er jordbruket dominert av husdyrhald, med hovudvekt på storfehald. Det blir òg halde ein del sau som nyttiggjer seg av dei rike fjellbeita. Bruka er gjennomgåande store og relativt lettdrivne.
Hemsedal er kommunen med tiande størst vasskraftproduksjon i Buskerud, og er ein middels stor kraftkommune på landsbasis. Dei fire vasskraftverka i kommunen produserer til saman 335 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Hemsil I (i drift fra 1960), som står for om lag nitti prosent av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Gjuva (1957) og Brekkefoss (1957). Hafslund ECO Vannkraft er hovudeigar av nesten all vasskraftproduksjonen i kommunen
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.