Henrik Angell var ein norsk offiser, idrettsmann, evantyrar, forfattar, målmann, forsvarsven og krigshelt frå teneste i den franske framandlegionen. Angell var ein pionér innan skisporten, gjekk på ski over Hardangervidda før Fridtjof Nansen og fremja interessa for skiidrett i Noreg og utanlands. Han vart den første norske medlemen av Den internasjonale olympiske komité (IOC).
Henrik August Angell var fødd i Luster i Sogn. Faren var hæroffiser, og var beordra til teneste i Bergen då sonen var ni år. Henrik Angell voks difor opp der, men flytta snart til Kristiania for å gå på Krigsskulen.
Angell var av fransk slekt, snakka fransk og var knytta til landet, der han avslutta sin lange militære karriere. Han var gift med ei dansk kvinne av adeleg slekt, Gerhardine (Gerda) Henriette de Sérène d'Acueria.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.