Jan-Magnus Bruheim var diktar og forfattar. Han var først og fremst lyrikar, men skreiv også ein del prosa, deriblant ei rekkje barnebøker.
Bruheim vart fødd i Skjåk. Han tok framhaldsskule og ungdomsskule, men slutta etter eitt år på middelskulen. I åra 1957–1961 arbeidde han som lærar i Skjåk og frå 1978–1985 var han busett i Botnane i Bremanger, elles var han lenge gardsarbeidar på farsgarden, som broren seinare overtok.
Forutan 18 diktsamlingar og ei rekkje prosabøker skreiv han to høyrespel som vart sende i radio.
Bruheim reiste mykje rundt og las opp frå bøkene sine. Han tok samtida si på pulsen, men diktinga hans er likevel tid- og stadlaus. Eit sentralt tema er striden mellom det vonde og gode, mellom det lyse og mørke.
Bruheim var ei tid medlem av Det litterære råd i Den norske forfatterforening. Han vart heidra med Doblougprisen, Sunnmørsprisen og Kulturprisen for Gudbrandsdalen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.