Jeanette er eit kvinnenamn som er fransk diminutiv («vesleform») på -ette av Je(h)anne – jamfør Johanne.

Namnet har fleire variantar: Chanett, Chanette, Jeanet, Jeaneth, Jeanett, Jeanette, Jeannette.

Namnedag er 21. april. Jannike har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Jeanette

Eit utval personar med namnet Jeanette, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 3 948 kvinner i Noreg som hadde Jeanette som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Dei franske kvinnenamna var mest populære innanfor tidsrommet 1975–2009. I tillegg til Jeanette, som var mest brukt 1985–1989, gjeld dette til dømes Annette, Charlotte, Henriette, Yvonne, Renate, Madeleine og Mariell.

Utvikling i bruk av namnet Jeanette frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Jeanette frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Jeanette på 1800-talet.

Jeanette var mest brukt i Kristiania.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Jeanette på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Jeanette var mest brukt i Kristiania. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Jeanethe.)

Historisk bruk av namnet Jeanette
Historisk bruk av namnet Jeanette
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon