Faktaboks

Johanna Wanka
Fødd
1. april 1951, Rosenberg, Sachsen
Johanna Wanka, 2014.

Johanna Wanka, tysk politiker for CDU og professor i matematikk. Var minister for utdanning og forsking i Angela Merkels tredje regjering, fram til 2018.

Bakgrunn

Wanka vart født i DDR og vaks opp i det som no er delstaten Sachsen. På 1970-talet studerte ho matematikk ved Universitetet i Leipzig. Ho vart sidan vitskapleg assistent ved faghøgskolen i Merseburg og tok i 1980 ein doktorgrad i matematikk. Ved sida av jobben var ho på slutten av 1980-talet engasjert i Neues Forum, som var ein del av DDRs utanomkyrkjelege borgarrettsrørsle. I 1993 vart ho professor i matematikk ved faghøgskolen i Merseburg. Frå 1994 til 2000 var ho rektor same stad.

Politisk karriere

Ho melde seg inn i CDU i 2001. Frå 2000 og fram til 2009 var ho minister for forsking, vitskap og kultur i delstaten Brandenburg. Frå 2010 til 2013 var ho minister for forsking og kultur i delstaten Niedersachsen.