Kanalen er ei norsk lokalavis som kjem ut i Ulefoss, i papirformat kvar torsdag og som dagleg oppdatert nettavis. Avisa vart grunnlagt i 2001 og er eigd av Bø Blad AS. Avisa dekkjer Nome kommune. Kanalen er medlem av Landslaget for lokalaviser.
Kanalen (avis)
Faktaboks
- Offisielt namn
- KANALEN AS
- Organisasjonstype
- Aksjeselskap
- Forretningsadresse
- Ulefoss
- Dagleg leiar
- Linn Malén Vefald
- Styreleiar
- Eivind Eckbo

Opplagstall for Kanalen, 2003-2023
tidspunkt | |
---|---|
2003 | 1503 |
2004 | 1869 |
2005 | 2130 |
2006 | 2069 |
2007 | 2020 |
2008 | 2049 |
2009 | 1909 |
2010 | 1800 |
2011 | 1744 |
2012 | 1774 |
2013 | 1845 |
2014 | 1893 |
2015 | 1959 |
2016 | 1857 |
2017 | 1898 |
2018 | 1919 |
2019 | 1959 |
2020 | 1969 |
2021 | 2084 |
2022 | 2203 |
2023 | 2264 |
Digitalt
Kanalen kan lesast på alle dei digitale flatene. Betalingsmur er innført for ikkje-abonnentar.
Historie
Det var i 2000 ei rekkje privatpersonar vurderte utsiktene til å gje ut lokalavis for Nome. Aksjeselskap vart skipa i 2001, då bladet kom ut med første nummer. I 2003 kom Edda Media-eigde Varden inn som hovedaksjonær. I 2012 ønskte Varden å gje slepp på Kanalen, og selde ho til Nome kommune og Nome Investeringsselskap som ei kort stund eigde avisa i lag.
Men ettersom ordninga med statsstøtte (produksjonsstøtte) ikkje ga rom for tilskot der offentlege instansar, som til dømes kommunar, hadde eigarinteresse, selde kommunen sin lut til dei tilsette i avisa. I 2015 vart dåverande redaktør Tor Espen Simonsen eineeigar av lokalavisa. Han selde avisa til Bø blad med verknad frå 1. januar 2017.
Opplag
År | Opplag |
---|---|
2005 | 2130 |
2010 | 1800 |
2015 | 1951 |
2020 | 1969 |
2021 | 2084 |
2022 | 2203 |
2023 | 2264 |
Opplagstala til og med 2015 gjeld berre papirutgåva. Frå 2020 nyttar ein netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement. Kjelde er opplagstala som avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.
Fakta
- Avisselskapet Kanalen AS skipa i 2001
- Bø blad eineigar 1. januar 2017
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Faktaboks
- Sektorkode
- 2100 Private aksjeselskaper mv.
- Næringskode(r)
- 58.130 Utgivelse av aviser
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.