Stykket byrjar med at den gamle kongen erklærer at han vil dele riket sitt i tre og gi ein del til kvar av dei tre døtrene sine: Goneril, som er gift med hertugen av Albany, Regan, som er gift med hertugen av Cornwall, og Cordelia, som er ugift. Dei to eldste døtrene smigrar kongen etter alle kunstar, noko Cordelia nektar å gjere sjølv om ho elskar far sin meir enn dei. Kongen blir rasande på ho, delar i staden kongeriket i to og gir ein del til Goneril og den andre til Regan, medan Cordelia må gå i eksil. Kongen sender også bort den lojale jarlen av Kent fordi han forsvarar den yngste dottera hans.
Kongen forventar å behalde ein privat armé og alle privileger etter å ha abdisert, men dei to utolmodige døtrene respekterer han langt mindre enn dei har gitt uttrykk for. Dei tek frå han fleire og fleire riddarar, vener og tenarar. Han er ein gamal mann med kognitive vanskar, og desse blir verre og verre etter kvart som han kjem under meir press, og etter kvart som angeren over å ha støytt ut Cordelia blir større. Til slutt blir han gal og berre den trufaste Kent (i forkledning) og ein hoffnarr blir med han ut i tilværet som heimlause vandrarar.
I ei berømt scene i øydemarka går Lear og dei andre inn i ein storm, som kongen rasar mot i galskapen: «Blow, winds, and crack your cheeks! rage! blow! / You cataracts and hurricanoes» (akt 3, scene 2). Etter dette møter dei «Poor Tom», ein stakkars tiggar som blir med dei på vegen. Han skal vise seg å vere enda ein karakter som har havna i eksil og som må skjule identiteten sin.
Jarlen av Gloucester er ein lojal tilhengar av kong Lear. Han har to søner: den gode Edgar og den vonde halvbroren hans, Edmund. Den sistnemnde er fødd utanfor ekteskapet, noko som gjer Edgar til einearving. Den sjalu og grådige Edmund klarar overtyde far sin gjennom forfalska brev om at Edgar er ein forrædar, noko som gjer at også han blir støytt bort. Etter dette hjelper Edmund Regan og hertugen av Cornwall med å rydde far sin, Gloucester, av vegen. Dei fangar han, stikk ut auga på han, og sender han ut i øydemarka med berre ein tenar til å hjelpe seg.
Edgar, son til Gloucester, må altså kle seg ut som tiggar og kallar seg «Poor Tom». Etter å ha vore saman med den gale kongen møter han den blinde far sin ute på vandring. Edgar gjer om stemma si slik at faren hans ikkje skal kjenne han att. Når faren seier han vil kaste seg ut frå klippane ved Dover, lover Edgar å følgje han. I ei berømt einetale skildrar deretter Edgar korleis det djupe stupet ser ut, og korleis måsane sirklar rundt der nede over skipa som ligg for anker. Den gamle jarlen veit ikkje at Edgar diktar opp dette synet og kastar seg «utfor» berre for å lande på nasen der han står. Edgar gjer deretter stemma si vanleg att og vi får ei hjartevarm gjenforeining mellom far og son.
Edgar og Gloucester treffer også kongen igjen. Han har no skifta sinnsstemning frå rasande gal til blomsterplukkande og mild, men like forvirra. Heldigvis kjem Cordelia no attende for å ta seg av han. Ho har gifta seg med kongen av Frankrike som har kome til England med heile den store hæren sin. Etter ein kvil blir kongen seg sjølv igjen og han gjenforeinast som angrande syndar med Cordelia, slik Gloucester gjorde det med Edgar.
Lear, Kent, Cordelia, Edgar og kongen av Frankrike allierer seg for å gå til krig mot den samla hæren til Cordelia, Regan, Albany, Cornwall og Edmund. Men i staden for at vi her får den lukkelege slutten legenda vanlegvis har hatt, tapar Lear og Cordelia krigen og blir tekne til fange.
I siste akt skjer det mykje på kort tid. Cornwall er allereie død, medan Albany skiftar side. Goneril og Regan er begge forelska i Edmund og i forsøk på å få han ender dei opp med å drepe kvarandre. Edgar tar livet av Edmund i ein duell. Lear forlèt scena for å finne Cordelia og når han kjem attende ber han liket hennar i armane sine, for ho har blitt hengt i fengselet. Gloucester døyr av sorg, noko kong Lear også gjer kort tid etterpå.
Hovudtemaet i stykket er skaden som kan oppstå når ukloke gamle menn med makt tek dårlege avgjerder. Både Lear og Gloucester er skuldige i å la misoppfatningar, ego og hybris leie seg på villspor, og dette får negative konsekvensar både for dei sjølve, for personar som står dei nær og for heile samfunnet dei er ein del av. Begge to må gjennom traume som lutrar dei og gjer at dei til slutt kan sjå røynda sånn den eigentleg er. Men i Shakespeare sin versjon av legenda er det for seint: avsluttinga er brutalt tragisk, og både Gloucester og Lear blir veldig hardt straffa av skjebnen. Til slutt er Edgar den einaste overlevande av dei sentrale karakterane, og det er uvisst kva som skjer med han – og med England – når stykket er over.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.