Fløgstad sine romanar er prega av ein særeigen stil med mykje bruk av språkleik og ein sterk bruk av ordspel, direkte allusjonar og intertekstualitet. Han vart tidleg ein av dei fremste representantane for magisk realisme på norsk.
Forfattaren fekk det store gjennombrotet sitt med Dalen Portland (1977; Nordisk råds litteraturpris 1978), ei rik skildring av utviklinga i det norske etterkrigssamfunnet gjennom to generasjonar, konsentrert om den fiktive industristaden Lovra. Med foreininga si av poesi og sosial satire, folkeleg forteljekunst og historiekunne, representerer boka ei markant fornying av den moderne politiske romanen i Noreg. Deretter følgde Fyr og flamme (1980, Kritikerprisen), ein ny Lovra-roman, der Fløgstad hentar inspirasjon så vel frå François Rabelais som den latinamerikanske magiske realismen, og finn ei grensesprengjande litterær uttrykksform for nordmenns erfaringar på 1900-talet.
U 3 (1983) er ein strammare politisk roman som tek utgangspunkt i faktiske hendingar i norsk militærpolitikk, medan Det 7. klimaet (1986) er eit av dei dristigaste prosaverka i nyare norsk litteratur. Handlinga er lagt til ei nær framtid, og har form av ein fiktiv biografi over innvandraren Salim Mahmood og livsløpet hans i Media Thüle. I romanen blir utviklinga i mediesamfunnet og den postmoderne tilstanden klargjort i ein litterær vev som spenner frå burlesk satire til essayistikk.
I Kniven på strupen (1991) vender Fløgstad tilbake til eit Lovra prega av avindustrialisering, og gjennom å nytte grepet til spenningsromanen skapar han skarp og underhaldande politisk satire over verdioppløysinga i det etterindustrialiserte finans- og mediesamfunnet. I Fimbul (1994) er anslaget dystrare. Handlinga skildrar eit planlagt terrorangrep mot fredsprisutdelinga til Menachem Begin og Muhammad al-Sadat i 1978, medan romanen nærast på allegorisk vis tematiserer ei samfunns- og kulturutvikling der framstegstru og reell positiv handling er gjort umogleg.
Fløgstad gav ut i 1998 den stort oppbygde romanen Aa. Aavaath. Kron og mynt (Brageprisen) som knyter trådane tilbake til Fyr og flamme (1980). Eit stort persongalleri, mange tidsplan og ei rekkje handlingstrådar blir bundne saman til ein heilskap som både gir eit sterkt satirisk samtidsbilete og handlar om forholdet vårt til fortida og kunsten. I 2002 kom den satiriske romanen Paradis på jord, der det moderne Noreg blir sett frå ein chilenars synsvinkel. Han fekk strålande kritikkar for Grand Manila (2006, Kritikerprisen og P2-lytternes romanpris), ein roman som tek utgangspunkt i industrisamfunnet Sauda og det fiktive Lovra. I Gran Manila blir lagnadane til enkeltmenneske bundne saman med store strukturer som global kapitalisme, og Fløgstad spinn i gang ei rekkje tema som blei viktige for dei bøkene som følgde.
Med Grense Jakobselv (2009), Nordaustpassasjen (2012) og Magdalenafjorden (2014) utforskar Fløgstad ideologiske strukturar, med lange historiske penselstrøk frå opptakten til andre verdskrigen og fram til dei kapitalistiske og liberalistiske systema me lever med i dag. Felles for dei tre romanane er òg at delar av handlinga finn stad i arktiske strøk.
I kollektivromanen Due og drone (2019) lèt Fløgstad handlinga finne stad i spennet mellom krig og fred, med utgangspunkt i tilbaketrekkinga til tyskarane frå Finmark i 1944 og forteljingar om dei russiske styrkane som kom for å frigjere oss. Her går òg Fløgstad den offisielle historia etter i saumane og skapar eit litterært verk rikt på historiske fakta, notidsskildringar og konspiratoriske framtidsvisjonar. Også her viser Fløgstad seg språkleg leiken og humoristisk.
Fløgstad gav i 2022 ut kollektivromanen Habeas Corpus, som er nok eit ideologikritisk verk. Romanen har eit rikt persongalleri, og skildrar liva til 16 menn og 5 kvinner som alle er fødde mellom 1911 og 1989 i ulike delar av verda. "Habeas corpus" tyder "du skal eige lekamen din" og er eit juridisk prinsipp om at personar som er fengsla eller har mista fridomen har rett til å bli stilte for ein domstol innanfor ei gitt tid. I romanen tek Fløgstad for seg både dei store ideologiske strukturane og enkeltmenneskets meir eller mindre umedvitne deltaking i eit korrupt og nedbrytande system. Fløgstad demonstrerer korleis ideologien til fascismen held fram med å verke i vår eiga tid under dekke av merkelappar som liberalisme og kapitalisme, og han kritiserer Tyskland for aldri å ha teke eit oppgjer med nazismen etter andre verdskrigen.
Kommentarar (2)
skreiv Norunn Askeland
Hei, tenkte å skrive inn ei endring om at tonesetting av Fløgstad sine tekstar mm. Var på ein fantastisk konsert i går i Kulturkirken Jakob, der vi fekk Fløgstad for full musikk. Med bl.a. NyNorsk Messingkvintett, Trio Alde og Kjartan Fløgstad Band. Prøvde å skrive om dette, men forstod at eg ikkje kunne skrive inn ei ny endring før den eg kom med framlegg om sist, er godkjend. Så då ventar eg med å skrive det til så lenge.
svarte Janne Stigen Drangsholt
Tusen takk, Norunn – endringene er nå godkjente. Mvh, Janne
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.