Lady Macbeth går i søvne.

Tyngd av skuld går Lady Macbeth i søvne, og innbiller seg at ho har blod på hendene: «Out, out damned spot!»

The Sleepwalking Lady Macbeth av Henry Fuseli, 1784.

Macbeth er ein tragedie skriven av William Shakespeare om lag 1606-1607. Stykket, som er lagt til 1000-talet, handlar om korleis den skotske adelsmannen Macbeth drep kong Duncan av Skottland for sjølv å bli herskar, og det utforskar ambisjon, det overnaturlege, tvitydigheit i språket, og konsekvensane av tronran.

Handling

Metaforisk tolking av 1.7.21-5
William Blakes tolking av linjene:
And pity, like a naked new-born babe, / Striding the blast, or heaven's chrubin, horsed / Upon the sightless couriers of the air, / Shall blow the deed in every eye, / That tears shall drown the wind.

Macbeth er thegn av Glamis og ein røynd krigar som er sentral i å drive ein delvis norsk vikinghær ut av Skottland. Som løn blir han av Kong Duncan utnemnd til thegn av Cawdor, noko Macbeth ikkje får vite om med det same.

På veg heim frå slaget blir Macbeth og venen Banquo møtte av tre «weird sisters», hekser som helsar Macbeth som thegn av Glamis, thegn av Cawdor, og som han «som ein dag skal bli konge» (i Edvard Hoem si omsetjing). Dei spår også at Banquo skal avle kongar, «men sjølv bli ingen», før dei forsvinn.

Macbeth får snart vite at han faktisk har blitt utnemnd til thegn av Cawdor og blir slik overtydd om at han kan bli konge også. Han skriv til kona si, i teksten berre omtala som Lady Macbeth, og ho bestemmer seg for at ikkje berre kan Macbeth bli konge, men han skal bli det. Når Macbeth etter kvar finn ut at Kong Duncan tenkjer å la sin eigen son Malcolm arve kongemakta (i eit land der det ikkje har vore tradisjon for å la trona går i arv), blir han uroa for at det hastar å gjere noko: kongen må døy.

Nå Kong Duncan kjem til Dunsinane, Macbeths slott i Inverness, legg Macbeth og Lady Macbeth ein plan for å ta han av dage. Macbeth tvilar på om det er rett å drepe kongen, men Lady Macbeth hånar han for nølinga og kallar han umandig. Macbeth drep så kongen med dolk, og Lady Macbeth sørger for at dei dauddrukne tenarane hans er innsmurte med blod så dei får skulda.

Macduff, thegn av Fife og lojal mot kongen, kjem så og hamrar på slottsporten. Det blir tilløp til panikk i slottet. Macbeth drep tenarane til Duncan og hevdar etterpå at det var i raseri over mordet på kongen. Prins Malcolm er redd mistanken vil leggast på han og han rømmer til England, og ser dermed ut som den skuldige.

Macbeth blir konge av Skottland men sit uroleg på trona sidan det visstnok er Banquos etterkommarar som skal bli kongar. Han freistar å få han og den mistenksame Macduff drepne og lukkast delvis: Macduff og sonen til Banquo, Fleance, overlever – Banquo døyr.

Banquo kjem attende som spøkelse og plagar Macbeth under ein stor bankettmiddag. For å få ro i sjela går han til dei tre heksene. Dei framkallar skrømt og visjonar som kjem med nye spådomar: hald deg unna thegnen av Fife; ingen fødd av kvinne kan skade Macbeth; og «Macbeth skal aldri sjå sin overmann / før Birnams skogar går til Dunsinane / i marsj mot han».

Macbeth er difor sikker på at han ikkje kan tape når ein Skotsk-Engelsk hær samlast mot han. Lady Macbeth, derimot, kjenner meir og meir skuld, går i søvne og er i ferd med å bryte saman. I siste akt får Macbeth vite at ho har kasta seg frå ein høg mur og har døydd. Snart får han også sjå at «Birnams skogar går til Dunsinane», for fienden har kamuflert seg med greiner og blad, og når dei kjem mot slottsmurane er det som sjølve skogen går til angrep. Macbeth møter så Macduff på slagmarka. Macbeth skryt av at ingen mann fødd av kvinne kan skade han. Men Macduff blei teken i keisarsnitt, noko han fortel til ein overraska Macbeth før han høgg han ned.

Stykket ender med at Malcolm blir konge.

Kontekst og tolking

Stykket var skrive for Jakob 1 (r. 1603-1625), som hevda å vere etterkomar av Banquo og som var særs oppteken av hekser og det overnaturlege.

I 1605 blei Jakob nesten drepen i eit attentat kjend som «kruttsamansverjinga», der engelske katolikkar freista å sprenge parlamentet. Konspiratørane blei avslørte og avretta. Katolske prestar i England hadde rykte på seg for å drive med «ekvivokasjon», som blei tolka som å tale med to tunger utan teknisk sett å lyge. Portnaren i Dunsinane referer til dette når det hamrast på porten etter drapet på Duncan. «Ekvivokasjon», feilslutning eller tvitydigheit er også eit tema i stykket på eit meir generelt plan: alt heksene seier kan tolkast på fleire måtar, men Macbeth vel som regel den tolkinga han vil høyre.

Problemet med språket og det tvitydige heng saman med det sentrale paradokset i tragedien: handlar Macbeth slik han gjer fordi det er skjebnen hans å gjere det, eller har han fri vilje, men handlar tilfeldigvis på ein slik måte at spådommane går i oppfølging uansett? Plantar heksene idear i hovudet på Macbeth eller fortel dei han ganske enkelt kva som kjem til å hende? Er det hans eigen ambisjon som har skulda, eller er han som hovudperson i ein tragedie makteslaus til å endre på noko som helst?

På Shakespeares tid var desse spørsmåla teologisk og politisk sentrale. Ulike religiøse grupper hadde ulike tankar om predestinasjon og frelse, og i sær kalvinistane i Skottland var sterkt overtydde om at Gud styrer alle ting. Problematikken i Macbeth er i slekt med denne debatten, men for Macbeth er det aldri snakk om frelse. Tvert om er til og med heksene overtydde om at han er vondskapen sjølv: «By the pricking of my thumbs / Something wicked this way comes».

Macbeth er eit psykologisk komplekst stykke som gir oss den noko uvanlege opplevinga av å følgje ein tragisk protagonist som også er illgjerningsmann. Som hovudperson er han i ein posisjon publikum ofte har medkjensle med, men sympatien vi har for han blir meir og meir utfordra av gjerningane hans.

Språk og struktur

Ein grunn til at vi held ut med Macbeth heilt til slutten er kanskje språket. Macbeth har fleire av Shakespeares mest kjende einetaler, men det er også ein uvanleg gjennomført tekst når det gjeld motiv og tematikk. Dei same orda, til dømes «blod», «skuld», «ramn», «kråke» og «synd», går igjen i ulike poetiske variasjonar; stykket ber alt i alt preg av planlegging og heilskap.

Som alle Shakespeare-stykke er Macbeth i hovudsak skrive på blankvers, linjer på ti eller elleve stavingar der fem er trykksterke (jamber), utan enderim. Folk som står utanfor handlinga eller høyrer til dei lågare klassane snakkar i fri form, utan rim eller rytme, medan heksene, som kjem frå folketrua, snakkar på sitt eige vis, med fire trykksterke stavingar per linje, og enderim, som i opninga til stykket:

Første heks:

Når møtes vel vi tre igjen?

I tore, lyn, når regnet renn?

Andre heks:

Når rabalderet er forsvunne,

slaget tapt og slaget vunne

Einetalane til Macbeth og Lady Macbeth er blant høgdepunkta i tragedien. Dei dreier seg om moral, filosofi, makt, skjebne og meininga med livet. Tidleg i stykket er det Lady Macbeth som har dei mest effektfulle talane, i sær når ho sver på å ofre alt for at Macbeth skal bli konge. Hans tidlege talar er nølande, metaforisk komplekse, med sterke lydlege kvalitetar. For eksempel, når Macbeth i akt 1 scene 7 engstar seg over om han skal drepe Duncan eller ikkje, byrjar einetalen slik, hakkete og vanskeleg:

If it were done when ’tis done, then ’twere well

It were done quickly: if the assassination

Could trammel up the consequence, and catch,

With his surcease, success; …

Seint i stykket, når fienden står utanfor porten og Macbeth har fått vite at Lady Macbeth er død, talar han med ei anna ro, resignert og nihilistisk:

Tomorrow, and tomorrow, and tomorrow,

Creeps in this petty pace from day to day,

To the last syllable of recorded time;

And all our yesterdays have lighted fools

The way to dusty death.

Livet, seier Macbeth, er berre ein skodespelar som lest som, på ei scene, eller ei forteljing, fortald av ein idiot, «full of sound and fury, / signifying nothing».

Kjelde, framføring og adaptasjonar

I motsetnad til Banquo og Fleance er Macbeth er ein reell historisk person, men alle tre er omtala i den til dels fiktive Holinshed’s Chronicles (1577), som er hovudkjelde for teksten. Den eldste versjonen vi har er frå The First Folio, som kom ut i 1623, nesten tjue år etter at det var skrive og framført. Det er Shakespeares kortaste tragedie; ein scene, med heksgudinna Hecate, kan ha vore lagt til av Thomas Middleton.

Skodespelet er eit av Shakespeares mest kjende og blir ofte framført. I teaterkrinsar herskar det ei gamal overtru om at det betyr ulykke for ein skodespelar å seie namnet på stykket høgt medan ein er i ein teaterbygning; det blir difor kalla «The Scottish Play».

Rollene som Lady Macbeth og Macbeth er blant dei mest ettertrakta i teater og på film. Mange store skodespelarar har spela dei to, blant andre Jeanette Nolan og Orson Welles (1948); Judi Dench og Ian McKellen (1979); Kate Fleetwood og Patrick Stuart (2010); Marion Cotillard og Michael Fassbender (2015); og Frances MacDormand og Denzel Washington (2021). Macbeth var det første Shakespeare-stykket som blei spelt uavkorta på ei norsk scene, på Christiania Theater i 1844.

Macbeth har hatt innverknad på mange andre kunstformer, og finst som film, teikneserie, manga og mykje meir. William Blake og Henry Fuseli er blant biletkunstnarane som har latt seg inspirere, medan Giuseppe Verdi har komponert ein opera (1846–1847), og Richard Strauss eit symfonisk dikt (1890). Akira Kurosawas film-klassikar Throne of Blood (1957) er basert på Macbeth, det same er Zulu-skodespelet uMabatha av Welcome Msomi (1970) ogBollywood-gangsterfilmen Maqbool av Vishal Bhardwaj (2003), samt krim-romanen Macbeth av Jo Nesbø (2018).

Charles Kean som Macbeth og Ellen Tree Kean som Lady Macbeth, 1857
Tidleg forsøk på historisk korrekte kostymer: Charles Kean som Macbeth og Ellen Tree Kean som Lady Macbeth i 1857.

Nokre norske omsettingar:

  • Edvard Hoem, 1999, for ei oppsetjing i regi av Stein Winge
  • Morten Krogstad, 1996
  • Inger Hagerup, 1955
  • Henrik Rytter, 1933
  • Olav Madshus, 1901
  • Johan Dahl, 1855

Litteratur

  • Sandra Clark og Pamela Mason (red.). Macbeth. Bloomsbury-Arden, 2015.
  • Emma Smith. This is Shakespeare. Pelican, 2019

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg