Manfred er eit tysk mannsnamn. Etterleddet tyder ‘fred’, mens forleddet Man- enten kan tyde ‘mann’ eller ‘makt, styrke’ (av gammalhøgtysk magan).
Manfred (mannsnamn)
Personar med namnet Manfred
Fyrste namneberar
Den fyrste som vart registrert med namnet, var skoleelev Heinrich Julius Manfred Alexander Seippel fødd 1851 i Kristiansand. Denne mannen, som har Manfred som eitt av fire førenamn, brukte seinare berre Alexander som førenamn. Faren var ein forretningsmann fødd i Tyskland. Alexander Seippel (1851–1938) er kjent for å ha omsett omtrent halvparten av den fyrste bibelen til nynorsk, «fyrebilsbibelen» frå 1921.
Kulturell bruk
- Lagnaden til Manfred av Sicilia har opptatt fleire forfattarar. Han er bl.a. helten i eit dikt av lord Byron (1817).
- «Manfred-ouverture» (1848) av Robert Schumann
- «Manfred-symfonien» (1885) av Pjotr Tsjajkovskij.
Kjende personar med namnet Manfred
Eit utval personar med namnet Manfred, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Manfred (konge av Sicilia) (1232–1266)
- Alexander Seippel (1851–1938)
- Manfred Björkquist (1884–1985)
- Manfred Richthofen (1892–1918)
- Manfred Moritz (1909–1990)
- Manfred Eigen (1927–2019)
- Manfred Wörner (1934–1994)
- Manfred Jurgensen (1940)
- Manfred Honeck (1958)
Namnestatistikk
I perioden 1900–2017 var det omtrent 140 menn (fødde i Noreg) som hadde Manfred som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.