Maria Edgeworth
Faktaboks
- Uttale
-
edʒwə:þ
- Fødd
- 1. januar 1767, Blackbourton, Oxfordshire, England
- Død
- 22. mai 1849, Edgeworthstown, County Longford, Irland

To heimland
Maria Edgeworth hadde barndommen sin i England, fram til femtenårsalderen, og budde deretter resten av livet i Irland, berre avbrote av reiser til England og kontinentet. Ho var dotter av ein irsk godseigar med 22 born (med fire ulike koner), og var såleis del av ein stor og livleg familie. Som ein av dei eldste tok ho mykje ansvar for dei andre, og hjalp etterkvart også faren med å drive eigedommen. Kanskje dette var grunnen til at ho aldri gifta seg, sjølv om ho ved eit høve skal ha hatt ein svensk adelsmann som friar.
Irske romanar
Edgeworth skreiv romanar med emne frå den irske landsbygda, mellom andre Castle Rackrent (1800), The Absentee (1812), Patronage (1814) og Ormond (1817).
Ho viste fram dei elendige kåra bøndene kunne leve under, og la ansvaret for sosiale og økonomiske tilhøve på dei store jordeigarane. Ho skreiv om problemet med godseigarar som budde det meste av tida i England og let dei irske undersåttane lide naud.
Maria Edgeworth blir rekna som ein av dei første som skreiv heimstadsforteljingar, og hennar øyre for folkespråk og skikkar betydde mykje for andre forfattarar. Walter Scott innrømte at han var inspirert av henne når han skreiv skotske romanar, med Waverly (1814) som den første. Dei blei vener for livet, og besøkte også kvarandre. Han beskreiv henne som ein liten og lett fé som kan trylle, og som 'skriv når ho les, snakkar, et og drikk, og sikkert også når ho søv'.
Russaren Ivan Turgenjev meinte at det var ei openberring å lese Edgeworth, lånte omgrepet 'absenteeism' og brukte det i sin eigen roman Røk (1867).
Edgeworth sin realisme inspirerte også Jane Austen, som nemner Belinda (1801) som eitt av tre eksempel på briljante romanar. Ho skriv dette i Northanger Abbey (1817), i eit avsnitt der ho forsvarer romansjangeren. Dei to andre eksempla er begge av Frances Burney.
Suksess og honorar

Som gamal kvinne i 1841
Også når det gjeld honorar, var Edgeworth i toppen. Ho fekk gjerne 1000 pund for ei bok, og til dømes 2000 pund for Patronage, noko som tilsvarte minst fire gode årslønner for ein familiefar i middelklassen.
Den siste store romanen hennar var Helen (1834), som handlar om ærlegdom i ekteskapet.
Utdanning for kvinner
Edgeworth skreiv også pedagogiske skrift som Practical Education (1798). I Letters for Literary Ladies (1795) argumenterte ho for lik utdanning for jenter og gutar.
Den store produksjonen hennar omfatta mange små forteljingar for barn, samla i Moral Tales for Young People (1801, fem bind).
Omsetting til norsk
- Rackrent slott: ei irsk forteljing, Oslo: Bokvennen, 1995. Omsett av Ragnar Hovland.
Les mer i Store norske leksikon
Litteratur
- MacWorther Harden, O. Elizabeth, Maria Edgeworth's Art of Prose Fiction, Berlin/Boston: De Gruyter, 2015.
- Nash, Julie, Servants and Paternalism in the Works of Maria Edgeworth and Elizabeth Gaskell, Milton: Taylor and Francis, 2017.
- O Gallchoir, Cliona, Maria Edgeworth: Women, Elightenment and Nation, University College Dublin Press, 2005.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.