Marie er eit kvinnenamn som er nordisk form av Maria. Også fransk har Marie av Maria.
Marie (kvinnenamn)
Kjende personar med namnet Marie
Eit utval personar med namnet Marie, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Olympe de Gouges (1748–1793)
- Marie Antoinette (1755–1793)
- Marie Curie (1867–1934)
- Marie Hamsun (1881–1969)
- Anne-Marie Ørbeck (1911–1996)
- Marie Takvam (1926–2008)
- Anne Marie Ottersen (1945)
- Mille-Marie Treschow (1954–2018)
- Åslaug Marie Haga (1959)
- Marie Simonsen (1962)
- Marie Aubert (1979)
- Ine Marie Wilmann (1985)
Namnestatistikk
I 2022 var det 12 789 kvinner i Noreg som hadde Marie som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Marie var blant dei 50 mest brukte namnet blant norske kvinner. I 2022 var det 151 jenter som fekk namnet Marie, og det var blant dei 50 mest populære jentenamna dette året.
Av dei som heitte Marie i perioden 1900–2017, var det 81 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Marie. Dette inneber at 19 prosent hadde Marie som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Maria og Marie har nokså ulik kurveprofil. Marie vart mest brukt på 1800-talet, og då namnet var på topp i 1870-åra, fekk 4,4 prosent av jentene dette namnet. Da låg Marie som nummer 2 på ranglista. Deretter gjekk namnet sakte tilbake inntil det fekk eit nytt oppsving i 1980-åra, men toppnivået i perioden 1995–1999 (1,1 prosent) kan på ingen måte måle seg med toppen på 1800-talet. Maria fekk eit sterkt oppsving i 1970-åra. Filmen «West Side Story» (1961) kan ha medverka til dette. I denne filmen er det ein berømt song om namnet Maria. Sidan år 1900 har Marie vore brukt 1,5 gongar så mykje som Maria. Namnestatistikken gjeld normalt berre det fyrste førenamnet (Marie) eller det fyrste av fleire (Marie Synnøve), men i samband med Marie må det understrekast at Marie har vori det desidert mest brukte namnet i andre posisjon på 1900,talet, til dømes Anne Marie.
Geografisk variasjon på 1800-talet

Marie var mest brukt i Akershus og Finnmark.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Alhaug, Gulbrand 2004: [Fornamn i Noreg frå 1900 til 1975 – med vekt på endringar i namnemønsteret]. Oslo.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.