Marion er eit kvinnenamn som er fransk diminutiv («vesleform») av Maria.

Namnet har fleire variantar: Marion, Maryon.

Namnedag er 8. desember. Marlene og Morgan har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Marion

Eit utval personar med namnet Marion, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 961 kvinner i Noreg som hadde Marion som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 17 jenter som fekk namnet Marion.

Utvikling i bruk av namnet

Dei franske kvinnenamna var mest populære innanfor tidsrommet 1975–2009, til dømes Annette, Charlotte, Henriette, Jeanette, Yvonne, Renate, Madeleine og Mariell. Marion avvik frå dette tidsmønsteret i og med at namnet var noko brukt alt tidleg på 1900-talet. Også lydleg avvik Marion frå dei fleste andre franske namna, for namnet er i norsk uttalt med trykk på den fyrste stavinga.

Utvikling i bruk av namnet Marion frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Marion frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon