Faktaboks

Også kjend som

Kulturvernets Fellesorganisasjon

Organisasjonstype
Forening/lag/innretning
Forretningsadresse
Oslo
Stifta
29.10.1994
Dagleg leiar
Toril Skjetne
Styreleiar
Jørn Holme

Norges kulturvernforbund (til dagleg ofte Kulturvernforbundet) vart skipa i 1994 og er ein paraplyorganisasjon med 31 medlemsorganisasjonar. Etter føremålsparagrafen i vedtektene arbeider Kulturvernforbundet for å auka interessa for historie og kulturvern. Konkret støttar Kulturvernforbundet dokumentasjon, vern, bruk og formidling av materiell og immateriell kulturarv, og dei samordnar og fremjer saker av sams interesse for medlemsorganisasjonane andsynes styresmaktene.

Aktivitetar

Kulturvernforbundet organiserer regionale kulturnettverk. Dei arrangerer og støttar også kulturverndagane, som er fleire hundre lokale og regionale arrangement som fremjer ulike kulturarvaspekt. Kulturvernforbundet deler ut ein kulturvernpris kvart år til den lokale arrangøren av kulturverndagar som dette året eller over tid som formidlar og gjer kulturarv tilgjengeleg og skapar engasjement for historie og kulturarv vurdert ut frå programmet og/eller innsatsen. For tida er prisen på 50 000 kroner. I 2023 gjekk prisen til Voss kunst og kultur for arrangementet Ein levande kulturarv og i 2022 gjekk den til Balsfjord og Malangen historielag for arrangementet av kulturminnedagane i Balsfjord. Kulturvernforbundet arrangerer også ein årviss kulturvernkonferanse. Riksantikvaren er ein viktig samarbeidspartnar for Kulturvernforbundet.

Organisasjon

For å vera fullt med i Kulturvernforbundet må ein organisasjon oppfylla fire krav:

  • Aktiviteten deira må vera i samsvar med føremålsparagrafen til Kulturvernforbundet
  • Kulturvern må vera hovudføremål for organisasjonen
  • Organisasjonen må vera demokratisk og ikkje-kommersiell
  • Organisasjonen må vera landsdekkjande.

Organisasjonar som har kulturvern som delaktivitet, kan verta assosierte medlemer.

Dei 31 medlemsorganisasjonane har til saman om lag 270 000 medlemer. Blant disse medlemsforeningene er for eksempel Fortidsminneforeningen, Den norske historiske forening (HIFO), Landslaget for lokalhistorie og Norsk Skipsfartshistorisk Selskap.

Organisasjonen har landsmøte annakvart år, og vel då eit styre på sju medlemer. På 2024-landsmøtet på Hamar vart Jørn Holme attvald som leiar, han har tidlegare også vore Riksantikvar.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Faktaboks

Sektorkode
7000 Ideelle organisasjoner
Næringskode(r)
94.991 Aktiviteter i andre interesseorganisasjoner ikke nevnt annet sted

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg