Nubiske ørken er ein ørken i det nordaustlege Sudan og søraustlege Egypt. Ørkenen er den østlege delen av Sahara, avgrensa av Raudehavet i aust, elva Atbara i sør og Nilen i vest. I nord strekk ørkenen seg så langt som parallelt med Aswan – den sørlegaste byen i Egypt.
Den nubiske ørkenen består hovudsakeleg av eit sandsteinsplatå, og arealet er til saman cirka 406 600 kvadratkilometer. Området er eit kupert sandsteinsplatå med wadi'ar mot Nildalen. Landskapet stig østover mot Raudehavsfjella, der høgaste topp er Erbafjellet på 2217 meter over havet.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.