Ofotens Tidende var ei avis som kom ut i Narvik, som vart grunnlagt i 1899 og nedlagt i 2000. Avisa mista i 1950-åra forspranget til bykonkurrenten Fremover. Den siste tida, då ho var eigd av Harstad Tidende Gruppen, kom avisa ut tre gonger i veka.
Ofotens Tidende

Historie


I 1910 kom Carl Næsje (bilete) inn som redaktør. Etter at han døydde i 1948 styrte etterkommarane hans redaksjonen i høgreavisa, heilt fram til nedlegginga.
Ofotens Tidende var den eldste avisa i Narvik. Den borgarlege avisa var leiande i byen fram til 1950-åra, då arbeidaravisa Fremover tok over hegemoniet.
Oppstart
Narvik vaks opp som by etter anleggsarbeidet i åra 1898–1902. I 1907 hadde byen hatt elleve ulike aviser, og med første nummer 13. mai 1899 var Ofotens Tidende fyrst ute. Avisa blei etablert av den kvenske typografen Isak Wilhelm Taavonike Johansen. Etter salet av avisa Nordlændingen i Svolvær tok Johansen trykkpressa til Narvik i 1897. Her medverka han òg i avisutgivingane av Dagens Nyt og Ofotens Dagblad.
Johansen var redaktør og utgivar av Ofotens Tidende, inntil eit interessentselskap overtok i 1902. Dei tok sikte på å etablere eit dagblad under namnet Narvik Dagblad, og frå og med juli 1902 kom Ofotens Tidende ut to gonger i veka, saman med Narvik Dagblad som var dagsavisa. Dette varte berre ut året, og Ofotens Tidende blei aldri dagsavis.
Politisk plassering
Ofotens Tidende var truleg meint som venstreavis, men då Johansen gjekk ut av bladet i 1902 vart avisa såkalla «upolitisk». Venstremannen Oscar Thue frå Bodø etablerte òg ei venstreavis, Narvik Tidende, i juni 1900, og denne avisa heldt det gåande fram til 1910. Narvik Tidende låg i stadig strid med Ofotens Tidende om viktige kulturpolitiske og ideologiske spørsmål. Fram til Høgre og Frisinnede Venstre tok over Ofotens Tidende i 1924, hadde avisa eit borgarleg tilsnitt. Carl Næsje fungerte då som redaktør, og Næsje-familien blei i avishuset heilt fram til siste nummer i år 2000.
Opplag og størrelse
Opplaget i 1910 var på 700 eksemplar, og dette auka til 3000 i 1927, med to utgåver i veka. I 1940- og 1950-åra kom avisa ut tysdag, torsdag og laurdag. Ofotens Tidende var den einaste av dei fire avisene i byen som ikkje vart lagt ned under andre verdskrigen, og avisa fekk heller ikkje krav om inndraging etter krigen.
Ofotens Tidende var den største avisa i Narvik fram til 1957–1958, då Arbeidarpartiet si dagsavis Fremover tok over som leiande avis i området, med eit opplag på 6110 eksemplar, mot Ofotens Tidende sine 6094. I 1979 nådde Ofotens Tidende ut til 22 prosent av husstandane i Narvik, medan 16 prosent av husstandane i Evenes og 15 prosent i Ballangen las bladet. Utover dette nådde avisa lesarar i Gratangen, Lavangen og Tjeldsund.
Nedlegging og Ofoting
Då avisa vart lagt ned i 2000, vekte det oppstyr. Med 12 000 lesarar og to utgåver i veka hadde annonseinntektene gått tilbake etter at kommunale institusjonar slutta å annonsere. Likevel meinte fleire at nedlegginga var unødvendig. Mange meinte òg at meiningsmonopolet til A-presseavisa Fremover i Arbeidarparti-styrte Narvik ville bli for stort, og sakna det korrektivet som Ofotens Tidende alltid hadde vore i mange viktige saker.
I 2007 lanserte eit nytt selskap nettavisa Ofotens Tidende (OT24), som heldt det gåande til 2009. Tidlegare journalist Kjetil Moe var redaktør. Året etter kom ei ny nettavis, Ofotens Tidende 2.0, som skifta namn til Ofoting, etter protestar frå dei gamle eigarane av Ofotens Tidende. Ofoting vart laga på dugnad, og avisa omtalar metoden som «borgarjournalistikk». Avisa har ikkje nokon tradisjonell redaksjon eller ein redaktør med redaktøransvar, men avisa har administratorar som passar på at innhaldet som er sendt inn følgjer dei redaksjonelle prinsippa. Avisa har òg forplikta seg til Vær varsom-plakaten.
Opplag
Opplagstall for Ofotens Tidende, 1986-1999
tidspunkt | |
---|---|
1986 | 4191 |
1988 | 4534 |
1990 | 4117 |
1991 | 4226 |
1992 | 4002 |
1993 | 4007 |
1994 | 2907 |
1995 | 3204 |
1996 | 3336 |
1997 | 3686 |
1998 | 3614 |
1999 | 3606 |
År | Opplag |
---|---|
1932 | 3000 |
1950 | 7000 |
1960 | 6362 |
1969 | 4243 |
1973 | 1431 |
1983 | 3394 |
1989 | 4687 |
1998 | 3614 |
Fakta
- Ofotens Tidende: første nummer 13. mai 1899, siste nummer 29. desember 2000.
- Rombakbotns Avis 1901–1902.
- Fortsatte som Ofotens Dagblad frå 7. februar 1902 til 1. juli 1902.
- Skifte namn til Narvik Dagblad 2. juli 1902–24. desember 1902, deretter slått saman med Ofotens Tidende.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.