Faktaboks

Ola Svenneby
Fødd
23. mars 1997, Våler kommune i Innlandet
Verke
Politikar
Foto av Ola Svenneby i 2023
Foto av Ola Svenneby i 2023
Av /NTB.

Ola Svenneby er ein norsk politikar i partiet Høgre. Frå 2020 er han leiar i Unge Høgre.

Svenneby kjem frå Våler i Innlandet. Han vart i 2021 valt til fjerde vararepresentant til Stortinget for Høgre i Hedmark. I 2022 og 2024 vart han attvald som leiar for Unge Høgre.

Som leiar for Unge Høgre er han særleg oppteken av ein tydeleg skolepolitikk med klare mål for kva norske elevar skal kunne, og utanrikspolitikk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg