Os og Fusaposten er ei norsk lokalavis for Bjørnafjorden kommune (tidlegare Os og Fusa kommunar) i Vestland. Avisa har kontor på Os og kjem ut i papirformat to gonger i veka og som dagleg oppdatert nettavis. Avisa har ingen store, dominerande eigararar, men mange private småaksjonærar. Os og Fusaposten er medlem av Landslaget for lokalaviser.
Os og Fusaposten
Faktaboks
- Offisielt namn
- OS OG FUSAPOSTEN AS
- Organisasjonstype
- Aksjeselskap
- Forretningsadresse
- Os
- Dagleg leiar
- Reidar Hystad
- Styreleiar
- Jan-Morten Drange

Digitalt
Os og Fusaposten publiserer stoffet på dei ulike digitale flatene i takt med nyheitsstraumen. Ordninga med betalingsmur for ikkje-abonnentar gjeld det meste av stoffet. Talet på daglege lesarar på papir og nett var 12 943 i 4. kvartal 2023, ifølgje statistikk frå Mediebedriftenes Landsforening.
Historie
Avisa har sitt utspring i ein strid i Os og Fusa si første lokalavis, Midhordland. Midhordland kom ut første gongen i 1972, etter initiativ frå Vestlandske Mållag.
Christian Fr. Stabell vart tilsett som redaktør og dagleg leiar i Midhordland i 1973, med forfattaren Arnfinn Haga som styreleiar. I 1975 vart avisa gjort til aksjeselskap, med familiane Haga og Krüger som eigarar. Aksjeutvidingar og endringar i eigarforholda skapte konfliktar mellom redaktør Stabell og dei to eigarfamiliane.
Konflikten toppa seg då eigarane stoppa ein artikkel i trykkeriet som redaktøren hadde godkjent. Stabell braut ut, tok med seg dei fleste medarbeidarane og starta sommaren 1987 den nye avisa Os og Fusaposten.
Utvikling
Den nye avisa fekk på kort tid over 2700 tingarar. Midhordland tapte både tingarar og fekk store kostnader som følgje av dette brotet. Eigarane stemna derfor Stabell og den nye avisa for retten og fekk medhald i at dei skulle ha 883 500 kroner i skadebot og få dekt sakskostnadene.
Dommen vart anka, men berre få veker før ankesaka skulle opp, vart Midhordland slått konkurs. Det siste nummeret kom 1. november 1990. Sidan har Os og Fusaposten vore einaste lokalavisa i Bjørnafjorden. Os og Fusaposten har dei siste åra hatt ein sterk opplagsvekst. Avisa vart kåra til beste lokalavis av Landslaget for lokalaviser i 1991 og 2004.
Opplag
Opplagstal for Os og Fusaposten, 1986-2023
tidspunkt | |
---|---|
1986 | 3000 |
1988 | 3776 |
1990 | 4858 |
1991 | 4858 |
1992 | 5100 |
1993 | 5120 |
1994 | 5122 |
1995 | 5214 |
1996 | 5217 |
1997 | 5304 |
1998 | 5331 |
1999 | 5375 |
2000 | 5434 |
2001 | 5533 |
2002 | 5557 |
2003 | 5555 |
2004 | 5583 |
2005 | 5628 |
2006 | 5672 |
2007 | 5793 |
2008 | 5820 |
2009 | 5565 |
2010 | 5495 |
2011 | 5449 |
2012 | 5361 |
2013 | 5204 |
2014 | 5090 |
2015 | 4866 |
2016 | 4518 |
2017 | 4541 |
2018 | 4691 |
2019 | 5022 |
2020 | 5339 |
2021 | 5578 |
2022 | 5969 |
2023 | 6220 |
År | Opplag |
---|---|
2015 | 4866 |
2016 | 4518 |
2017 | 4541 |
2018 | 4691 |
2019 | 5022 |
2020 | 5339 |
2021 | 5578 |
2022 | 5969 |
2023 | 6220 |
Til og med 2015 gjeld opplagstala berre papirutgåva. Frå 2020 nyttar ein netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement i andre halvår. Kjelde: Mediebedriftenes Landsforening (MBL).
Fakta
- Første nummer 20. juni 1987
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- Flo, I. (2002): Konkurranse mellom lokalaviser på fire ulike marknader i Noreg: Midhordland, Os og Fusaposten, Bygdebladet, Storfjordnytt, Bømlo-Nytt, Bømlo i Tekst og Bilde, Fjordenes Tidende og Fjordabladet. Arbeidsrapport. Volda: Møreforsking Volda
- Grepstad, O. (2010): Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo: Universitetsforlaget
Faktaboks
- Sektorkode
- 2100 Private aksjeselskaper mv.
- Næringskode(r)
- 58.140 Utgivelse av blader og tidsskrifter
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.