Faktaboks

Per Thorson
Fødd
2. mai 1899, Sandeid i Vikedal (no Vindafjord), Rogaland
Død
8. september 1969, Bergen
Verke
Språkforskar
Familie

Foreldre: Handelsmann og postopnar Thore P. Thorsen (1854–1954) og Martha Espevold (1873–1900).

Gift 16.12.1939 i Bergen med telegrafist Odrun Eide (15.2.1903–august 1977), dotter til kjøpmann Ole Olsen Eide (1873–1926) og forretningsdrivande Emma Kristensen (1877–1930).

Per Thorson var ein norsk språkforskar.

Han vart dr.philos. 1937 på avhandlinga Anglo-Norse Studies, og var 1931–1953 lektor ved Tanks skule i Bergen, tilsett ved Universitetet i Bergen frå 1953, frå 1959 som professor.

Som forskar interesserte han seg for restane av norsk på dei britiske øyane, og skreiv om lånord, lydhistorie og stadnamn. Innanfor nordistikk publiserte han dialektologiske arbeid knytt til heimstaden, språkhistoriske arbeidar og stadnamnstudiar.

Omfattande innsats som målmann, med leiarverv i mellom anna Studentmållaget, Vestmannalaget og Ivar Aasen-sambandet.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg