Sunningdaleavtala var eit forsøk på å dempa og kanskje avslutta konfliktane i og om Nord-Irland i 1973. Sentrale aktørar i konfliktane var unionistar (tilhengarar av unionen med Storbritannia) og nasjonalistar (dei som ønska at Nord-Irland skulle bli ein del av Republikken Irland) og statsmaktene, særleg den britiske staten. Sunningdaleavtala skulle gje maktdeling mellom unionistar og nasjonalistar i Nord-Irland.
Sunningdaleavtala var ei kunngjering etter møte mellom tre nordirske parti, den britiske staten og den irske staten i Sunningdale, England. Avtala vart underskreve 9. desember 1973. Ifølgje avtala skulle makta delast mellom unionistar og nasjonalistar innanfor nye institusjonar, og den irske staten skulle ha ei rådgjevande rolle.
Avtala kollapsa i mai 1974 etter ein unionistisk generalstreik der militante lojalistar spela hovudrolla. Lojalistane stod bak samordna bombeaksjonar på den mest dødbringande dagen under the troubles.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.