Thora er eit kvinnenamn. Det er ein stavevariant av Tora som går tilbake til det norrøne Þóra. Namnet er kortform av kvinnenamn på Þor-/-þóra, til dømes Þorbjǫrg og Bergþóra.
Thora (kvinnenamn)
Kjende personar med namnet Thora
Eit utval personar med namnet Thora, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Thora Storm (1845–1935)
- Thora Elisabeth Hansson (1848–1917)
Namnestatistikk
I 2022 var det 327 kvinner i Noreg som hadde Thora som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Tora og Thora slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Tora og Thora har ein kurveprofil som liknar på renessansenamna. Dei fekk eit oppsving i siste halvpart av 1800-talet og nådde toppen rundt år 1900. I Snorre er det 11 kvinner som har dette namnet, og foreldra kan ha funne namnet der på 1800-talet. Det kan derfor vere grunnlag for å karakterisere Thora som eit renessansenamn. Sidan år 1900 har Tora vore brukt nesten dobbelt så mykje som Thora.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.