Torunn er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Þór-unnr. I dette toledda namnet er forleddet gudenamnet Tor. Etterleddet -unnr går truleg tilbake til verbet unna i norrønt som tyder ‘elske’.
Torunn (kvinnenamn)
Kjende personar med namnet Torunn
Eksempel på ein person med namnet Torunn som er omtalt i Store norske leksikon:
- Torunn Viste (1972)
Namnestatistikk
I 2022 var det 4 214 kvinner i Noreg som hadde Torunn som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Glanstida for dei nordiske samansette kvinnenamna var perioden 1920–1949, til dømes Asbjørg, Borgny, Ingebjørg, Jorunn, Målfrid, Svanhild og Torbjørg. Torunn var på topp litt seinare, i 1950-åra.
Utvikling i bruk av namnet Torunn frå 1880
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Myrheim, Frode 2012: Kvinnenamnet Torunn. [Tjukke Slekta 1].
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.