Tulsa-massakren
Røyk veltar opp frå det afrikansk-amerikanske nabolaget og forretningsstrøket Greenwood i Tulsa under masseøydeleggingane i 1921.
Av /Library of Congress.

Tulsa-massakren var ein svært valdeleg konflikt mellom afro-amerikanarar og kvite i byen Tulsa i Oklahoma, USA, frå 31. mai til 1. juni 1921. Mange svarte omkom, og nokre kvite. Talet på omkomne er usikkert. Ifølgje dei lokale, offisielle statistikkane var det om lag 30 personar som mista livet. Men i 2001 fastslo ein granskingskommisjon at talet på omkomne var minst 100, kanskje så mange som 300.

Faktaboks

Også kjend som

Tulsamassakren; rasekrigen i Tulsa

engelsk: Tulsa race massacre; Tulsa race riot; Black Wall Street massacre

Bakgrunn

Bakgrunnen for opptøyane var ein episode der ein svart gut vart skulda for å forsøke å valdta ei kvit kvinne. Politiet arresterte guten, men dei kvite i byen var ikkje nøgde med arbeidet til politiet og gangen i rettssaka. Mobben ville heller lynsje guten.

Massakren

Nasjonalgarden med såra personar etter Tulsa-massakren

Afro-amerikanarane gjekk til motangrep med det resultatet at ein kvit person vart drepen. Skytevåpen blei brukte på begge sider, og etter kvart fekk dei kvite overtaket. Resultatet var ein massakre av dei svarte innbyggarane i Tulsa. Mobben sette i brann bydelen Greenfield der dei fleste afro-amerikanarane budde. Bydelen vart fullstendig rasert, og om lag 10 000 svarte mista heimane sine.

Følgjer

Rekonstruksjon av avisframside frå dagen etter massakren
Overskriftar og ingressar frå avisa The Boston Daily Globe 2. juni 1921. Her vart det opplyst om at 85 personar døydde i massakren (ni av dei kvite), at tala på såra stadig steig og at ti husblokker med afroamerikanske heim hadde blitt øydelagte.

Tulsa-massakren skil seg ut som historisk hending ikkje berre på grunn av massedrap på svarte, men fordi han var med på å stanse utviklinga av eit vellykka svart lokalsamfunn i Tulsa. Greenwood var nemleg kjent som Black Wall Street ettersom mange svarte hadde opplevd stor økonomisk framgang i kjølvatnet av oljeboomen i Oklahoma. Massakren i Tulsa er også kjend fordi dei lokale styresmaktene hadde klart å utviske hendinga frå Tulsas historie. Etter borgarrettsrørsla på 1950- og 1960-talet vaks interessa for saka, men det var først etter 2000 at massakren i Tusla i 1921 fekk ein sentral plass i historia om forholdet mellom kvite og svarte i USA.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg