Faktaboks

Administrasjonssenter
Vågåmo
Fylke
Innlandet (frå 01.01.2020, tidlegare Oppland)
Innbyggjartal
3 531 (2024)
Landareal
1 252 km²
Høgaste fjell
Surtningssue (2368 moh.)
Innbyggjarnamn
vagvær
Målform
nynorsk
Kommunenummer
3435 (frå 01.01.2020, tidlegare 0515)

Kommunevåpen

Vågå.

Vågå. Administrasjonssenteret Vågåmo med Ottaelva. Utsikt austover. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.

Vågå er ein kommune i Innlandet fylke, i Nord-Gudbrandsdal, omkring Ottas nedre dalføre, mellom Sel og Lom. I sør høyrer den øvre delen av Sjodalen til Vågå.

I 1908 vart Heidal og Sel skilde ut som eigne kommunar. I 1965 vart eit mindre område overført til Sel.

Natur

Gjende

Gjende med DNT si hytte Gjendesheim i forgrunnen. Rett overfor Gjendesheim står bua til Jo Gjende.

Av /KF-arkiv ※.
Besseggen

Den austre delen av Jotunheimen ligg i Vågå kommune. Traktene omkring Gjende og Besseggen er mykje besøkt.

Av /NTB Scanpix ※.

Berggrunnen høyrer i hovudsak til Jotunheimens skyvedekke, men i hovuddalen, og i Sjodalen er det fyllitt frå dei underliggande kambrosiluriske avsetningane. Store delar av Jotunheimen høyrer til Vågå, som er ei typisk fjellbygd med meir enn tre firedelar av arealet høgare enn 900 meter over havet. På nordsida av elva Otta går fjella opp i 1500–1600 meter over havet på grensa mot Dovre og Lesja, i Jotunheimen er fleire toppar over 2000 meter over havet, høgast er Surtningssue (2368 meter over havet) på nordsida av Gjende og Store Knutsholstinden (2341 meter over havet) på sørsida av Gjende. Surtningssue er den sjuande høgaste toppen i Noreg, mens Knutsholstinden ligg på 13. plass. Den austlege delen av Jotunheimen nasjonalpark ligg i Vågå. I alt er 28 prosent av kommunens areal verna etter naturmangfoldlova.

Bergfrue (lokalt namn vianvang) er kommuneblom for Vågå kommune. Han trivst i store delar av kommunen, og veks opp til 1500 meter over havet.

Klima

Vågå har eit kontinentalt klima med kalde vintrar og varme somrar. På Vågåmo er årsmiddeltemperaturen 3,5°C, med månadsmiddel -7,0 °C for januar og 15,0 °C for juli. Vågå ligg i regnskuggen av fjella i vest, og får lite nedbør. Vågåmo får 389 mm i året, med april som tørraste og juli som mest nedbørrike månad.

Befolkning og busetnad

Folketal

tidspunkt
1951 3950
1952 3952
1953 4013
1954 4059
1955 4072
1956 4034
1957 3997
1958 3978
1959 3956
1960 3956
1961 4062
1962 4075
1963 4093
1964 4099
1965 4041
1966 4024
1967 4056
1968 4028
1969 4071
1970 4013
1971 3987
1972 4011
1973 4039
1974 4048
1975 4091
1976 4069
1977 4056
1978 4046
1979 4052
1980 4058
1981 4061
1982 4102
1983 4151
1984 4154
1985 4135
1986 4101
1987 4048
1988 4047
1989 4009
1990 3974
1991 3945
1992 3915
1993 3936
1994 3924
1995 3907
1996 3918
1997 3888
1998 3868
1999 3836
2000 3818
2001 3833
2002 3813
2003 3801
2004 3800
2005 3773
2006 3766
2007 3724
2008 3717
2009 3707
2010 3722
2011 3718
2012 3739
2013 3716
2014 3686
2015 3675
2016 3664
2017 3640
2018 3638
2019 3589
2020 3570
2021 3564
2022 3591
2023 3532
2024 3531
Kilde: Statistisk sentralbyrå

Det aller meste av busetnaden finst i hovuddalen, med tettstaden og administrasjonssenteret Vågåmo og den mindre tettstaden Lalm. Folketalet i kommunen heldt seg stabilt frå 1945 og fram til 1980-åra; deretter er folketallet gått noko attende. I tiårsbolken 2015-2024 gjekk folketalet tilbake med 3,9 prosent, mot ein auke på 2,2 prosent i heile fylket. I 2024 var 20 prosent av befolkninga under 20 år (22 prosent for heile landet) og 26 prosent 65 år og eldre (landsgjennomsnitt 19 prosent).

Ifylgje definisjonen til Statistisk sentralbyrå er det to tettstader i Vågå. Tettstadene er til saman 2,0 km², og omfattar 0 % av arealet i kommunen.

Tettstad Innbyggjarar Andel* Areal
Vågåmo 1 482 42 % 1,7 km²
Lalm 315 9 % 0,4 km²
Sum 1 797 51 % 2,0 km²

* Andelen av innbyggjarane i Vågå kommune som bur i tettstaden.

Næringsliv

Arbeidsplassar i Vågå (2023)
Av /SSB.
Lisens: CC BY 2.0

Vågå er ein god jordbrukskommune. Gardane går opp i 800 meter over havet på den fruktbare jorda som er danna av fyllitten. Seterfjellet er framleis ein viktig produksjonsfaktor. Hovudprodukta i jordbruket er mjølk og kjøtt. Nedbøren er så låg nede i dalen at mange bruk er avhengige av vatning, noko som har lang tradisjon i Ottadalen. Industrien i Vågå baserer seg i hovudsak på lokale råstoff; sagbruk og høvleri, møbel- og verkstadindustri.

Vågå har middels stor vasskraftproduksjon. Dei åtte vasskraftverka i kommunen produserer til saman 362 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Nedre Tessa 2 (i drift fra 1963), som står for om lag ein tredjedel av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Øvre Tessa (1956) og Nedre Tessa 1 (1942). Eidefoss Vannkraft er hovudeigar av nesten all vasskraftproduksjonen i kommunen.

Samferdsel

Riksveg 15 (Otta–Måløy) følgjer hovuddalen og går på sørsida av Vågåvatnet. Frå denne tek ved Tessand riksveg 51 av sørover til Fagernes gjennom Sjodalen og over Valdresflye. I fjellet er det fleire vegar. Det går blant anna veg opp til den tidlegare TV/FM-sendaren på Blåhøe (1617 meter over havet) nordaust for Vågåmo og frå Randsverk opp Veodalen til Glitterheim turisthytte.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Kart: Vågå kommune i Innlandet

Vågå kommune i Innlandet fylke.

Kart: Vågå kommune i Innlandet
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Vågå høyrer til Innlandet politidistrikt, Vestre Innlandet tingrett og Eidsivating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Nord-Gudbrandsdal regionråd saman med Dovre, Lesja, Lom, Sel og Skjåk.

Vågå kommune svarar til soknet Vågå i Nord-Gudbrandsdal prosti (Hamar bispedømme).

Etter deling av Gudbrandsdalens fogderi i 1860 høyrde Vågå til Nordre Gudbrandsdalen fogderi i Christians Amt til 1909.

Delområde og grunnkrinsar i Vågå

Vågå kyrkje, stavkyrkje frå 1100-talet.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

For statistiske formål er Vågå kommune (per 2016) inndelt i to delområde med til saman 15 grunnkrinsar:

  • Vågåmo og omegn: Sjodalen, Synstlia/Randsverk, Tessand, Vistekleiven-Skottli, Nordherad, Skårvangen/Skogbygda, Vågåmo, Finntryu, Sveaholen
  • Lalm og omegn: Holongsøy/Rusten, Lalm Solside, Lalm tettsted-Ottadalen Solside, Sjårdalen, Lalm Bakside, Ottadalen Bakside

Historikk og kultur

Vågå kyrkje er opphavleg ei stavkyrkje oppført på 1100-talet, ombygd 1625–1630. Friluftsmuseet Jutulheimen syner handverk, reiskapar, treskjering og har Jo Gjende-utstilling. På den gamle prestegarden Ullinsvin er det kunstutstillingar, historisk hageanlegg og ulike kulturarrangement. Her har også Gudbrandsdalsmusea sitt arkiv.

Turismen har fått ei stadig aukande betydning for Vågå. Både nede i dalen og i fjellet er det fleire turistverksemder, blant anna har Den Norske Turistforening fleire kjende hytter på fjellet. Knut Hamsuns fødestad er rekna å vere Skultbakken i Vågå. Ein statue av forfattaren laga av bilethoggaren Skule Waksvik blei reist på staden i 2009. Riksanlegg for hang- og paragliding ligg ved Vågåmo.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet (godkjent i 1985) har på raud bakgrunn eit springande reinsdyr i gull på skrå oppover. Dette symboliserer Peer Gynt sitt bukkeritt over Gjendineggen.

Kart

Kart over Vågå kommune
Kart over Vågå kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Teigum, Ivar: Bygdebok for Vågå og Sel, 2001-2009, 4 bind.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg