Det er gjort mange og til dels verdifulle gravfunn i kommunen. I høgmellomalderen utgjorde Voss og det omkringliggjande landet eit eige fylke – Vǫrsaveldi («vossaveldet»), som strekte seg frå Sygnafylki til Osterøya. Sentralt på Vossavangen ligg den store steinkyrkja Voss kyrkje frå rundt 1270 i gotisk stil, og med inventar og utsmykking frå hovudsakleg 1600-talet. Aust for kyrkja finst Olavskrossen til minne om kristninga til vossingane i 1023.
Voss offentlege landsgymnas vart oppretta i 1916 som det første landsgymnaset i landet. Det regionale symfoniorkesteret Fossegrimen vart skipa i 1917.
Voss folkemuseum og Granvin bygdemuseum har eit titals bygningar ulike stader i kommunen. Finnesloftet på garden Finne er ein av dei eldste verdslege bygningane i landet, truleg bygd i 1295. Lydvaloftet er om lag 100 år yngre. Magnus Dagestadmuseet har møblar, treskurd, måleri og teikningar. Mølstertunet er eit godt bevart vestlandsk tun, der dei eldste husa er frå rundt 1600. Til Voss Folkemuseum høyrer òg Nesheimtunet, ti kilometer nord for Vossavangen.
På tunet til Stalheim Turisthotell, nærare bestemt på «Fuglahaugen» rett ved hotellet, er det oppført mange eldre bygningar frå Vosse- og Sognebygder, forutan at det er ei verdifull privat samling av eldre gjenstandar. I 1892 bygde Stalheim Turisthotell eit kraftverk i Stalheimselven, som var det andre kraftverket i Noreg. I 1933 bygde Stalheim Turisthotell eit kraftverk i «Sivleselvi» i nærleiken av toppen av Sivlefossen og seinare vassverk frå elva i Brekke-/Stalheimsdalen.
Då turismen tok seg opp på slutten av 1800-talet og Stalheim turisthotell vart bygd (1885), var det mykje turisttrafikk, som vart «skyssa» med hest og karjol mellom Gudvangen og botnen av Stalheimskleiva. Det var hovudsakleg for tungt å køyre turistane opp Stalheimskleiva med hest, men dei som betalte ekstra, kunne verte køyrde opp. Dette vart kalla «bergaskyss». Elles måtte turistane gå opp og ned, og difor vart det bygd ein paviljong omtrent midt i Stalheimskleiva. Denne vart seinare flytta opp på ein plass på toppen av Stalheimskleiva, før den seinare vart seld og flytta til Gudvangen, der han står i dag ved ferjekaia. I botnen av Stalheimskleiva var det haldeplass for hestane, der dei stod og venta på turistane, og ei kaffistove der «skyssfolka» (transportørane) kunne få seg kaffi.
Voss er i dag bygd ut som vintersportssenter med særleg godt utbygde alpinanlegg med tilhøyrande stolheisar, svevebanar og skitrekk. Bavallen er ein kjend hoppbakke. Det er mange hotell, pensjonat og gjestgiverier. Dei store festivalane Ekstremsportveko, Vossajazz og Osafestivalen vert arrangerte i Voss kvart år.
Den bergenske hovudvegen/Kongevegen går forbi Voss frå Bolstad på grensa til Vaksdal kommune i vest, via Vossavangen. Vidare austover i Strandaelva sitt dalføre/Vossestrand og Stalheimskleiva, til grensa mot sokn, der Nerøydalen startar. Delar av strekningane er framleis intakte.
Lokalavisa heiter Hordaland. Ho kom ut første gongen i 1883 og vert redigert på nynorsk.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.