Bortsett frå nokre få bantuspråk, mellom anna swahili, er alle benue-kongospråk tonespråk. Dei byggjer på alt frå enkle system med berre ein låg og ein høg tone, som i mange bantuspråk, til kompliserte system med over ti tonar, med tre tonehøgder og fleire konturtonar (fallande, stigande, fallande-stigande og så bortetter) og downstep (ei svak senking av høge tonar) som det nordlege bantoide språket nizaa, som blir snakka i Nord-Kamerun.
Morfologisk er det store variasjonar, men dei fleste språka har store genus-system – særskilt typisk for bantuspråka – eller leivningar etter slikt. Til dømes har bantuspråka eit eige genus for væsker og massar, ofte uttrykt med prefikset ma-, som i swahili maziwa 'mjølk', maji 'vatn' og mafuta 'olje'. Det nordlege bantoide språket nizaa har ikkje genus, men har leivningar etter genus, til dømes ved at dei fleste ord for væsker og massar har eit suffiks -m, med tydeleg slektskap med bantuprefikset ma-: nim ‘vatn,’ jam ‘blod’ og kúm ‘olje, feitt’.
Dei aller fleste språka har leddstillinga subjekt – verbal – objekt og med ein nomenfrase der overleddet kjem først og attributtane (adledda) etter. Nedanfor er dette illustrert med ei setning frå swahili og nizaa som tyder 'Ein dag fann høna elefanten':
|
adverbial |
subjekt |
verbal |
objekt |
swahili |
siku moja |
kuku |
alimpata |
tembo |
nizaa |
saari´ ɗàà |
sìŋw |
à kwɛ́ɛ̀nà |
gǒŋ̀ |
ord for ord: |
dag ein |
høna |
fann |
elefanten |
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.