Blokkebær, Bog Bilberry, Vaccinium uliginosum.
Blokkebær
Blokkebær, Bog Bilberry, Vaccinium uliginosum.
Lisens: CC BY SA 3.0

Blokkebær er ein busk i bærlyngslekta. Bæra er lyseblå og saftige som blåbær, men kvite innvendig. Bæra er temmeleg smaklause, men ein kan ete dei ferske eller bruke dei til saft og syltetøy, slik ein gjer med blåbær.

Faktaboks

Også kjend som
skinntryte; mikkelsbær
Vitskapeleg namn
Vaccinium uliginosum
Beskriven av
Carl von Linné
Raudlistestatus i Noreg
LC – Livskraftig

Skildring

Blokkebær i blom på Finse.
Blokkebær i blom på Finse.
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Busken blir 40–70 centimeter høg. Blomane er rosa, kvite eller raudaktige. Blada er ovale og 1–3 centimeter lange. Busken feller blada om hausten.

Bæra er eggforma, noko kanta, matt blå og 6–10 millimeter i diameter.

Utbreiing

Busken er utbreidd i myrlendt mark over heile landet.

Bruke

Bæra er temmeleg smaklause og blir sjelden sanka her til lands, men ein kan ete dei rett frå busken når ein er på tur. Ein kan òg sanke dei, og dei er fullt brukbare til fruktsuppe, saft og syltetøy. I Nord-Amerika har blokkebær tradisjonelt blitt brukt av urfolk.

Navn

Austlandet blir dei kalla skinntryte, på Sørlandet og i Vestfold og Østfold mikkelsbær.

Systematikk

Nivå Vitenskapelig navn Norsk navn
Rike Plantae planteriket
Rekke Magnoliophyta blomsterplanter, dekkfrøingar, dekkfrøete planter
Klasse Eudicots tofrøbladete planter
Orden Ericales lyngordenen
Familie Ericaceae lyngfamilien
Slekt Vaccinium bærlyngslekta
Art Vaccinium uliginosum (skinntryte), blokkebær, (mikkelsbær)

Systematikken følger Artsdatabankens inndeling (2024).

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Vaccinium uliginosum
Tidlegare vitskapleg namn
Myrtillus uliginosa (L.) Drejer
Artsdatabanken-ID
101826
GBIF-ID
8073364