Dialektane i Østfold høyrer til det store austnorske målområdet som femner om heile Austlandet og heile Trøndelag. Dette store dialektområdet kan delast inn i mindre grupper.
Heilt i sør finn ein det området som blir kalla vikværsk etter det gamle Viken, området ikring Oslofjorden (gammalnorsk Vík og Víkin i bestemt form). Til vikværsk høyrer dialektane i Østfold, Vestfold, nedre Telemark, nedre Buskerud og dei søraustlege bygdene av Aust-Agder.
- Les meir om dialektar i Noreg.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.