Eta er den sjuande bokstaven (Η, η) i det greske alfabetet.
Faktaboks
- Uttale
-
eta
Lydverdien var i gamalgresk ein open, lang e-lyd, til skilnad frå epsilon (Ε, ε), som var ein kort e. Eta utvikla seg til kort i i moderne gresk (nygresk). Namnet på bokstaven vert difor uttala ita på moderne gresk.
Eta har verdien 8 i det greske talsystemet.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.