Fabelparadisfugl er ein stor sporvefugl i paradisfuglfamilien og har naturleg utbreiing i Indonesia.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Lophorina superba
- Beskriven av
- (Pennant, 1781)
Vaksne hannar veg rundt 87 gram og hofuglane rundt 68 gram.
Arten er knytt til tropisk fjellskog og jordbruksland. Fabelparadisfugl lever av frukt og virvellause dyr (invertebratar) som han finn i buskar.
I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 19 dagar. Ungane forlèt reiret om lag tre veker etter klekking.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.