Flekkpurpurdue er ein stor duefugl i duefamilien og har naturleg utbreiing i Ekvatorial-Guinea og Nigeria, og på São Tomé og Príncipe.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Columba sjostedti
- Beskriven av
- Reichenow, 1901
Som vaksen veg fuglen rundt 380 gram.
Arten er knytt til fuktig tropisk skog og tropisk fjellskog. Flekkpurpurdue er ein planteetar som i hovudsak lever av frukt, frø og plantedelar som han finn på bakken.
I løpet av hekkeperioden legg hofuglen eitt egg som blir ruga ut i løpet av ca. 17 dagar. Ungane forlèt reiret om lag tre veker etter klekking.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.