Glansparadisfugl er ein stor sporvefugl i paradisfuglfamilien og har naturleg utbreiing i Søraust-Asia og Melanesia.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Manucodia ater
- Beskriven av
- (Lesson, R, 1830)
Vaksne hannar veg rundt 250 gram og hofuglane rundt 210 gram.
Arten er knytt til fuktig og tørr tropisk skog, jordbruksland, mangroveskog, tropisk sumpskog og tørr savanne. Glansparadisfugl lever av frukt og virvellause dyr (invertebratar) som han finn i tre.
I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.