Faktaboks

Språkkodar
el, ell, gre (EL, ELL, GRE)
ISO-639:3
ell
Tidlig gresk alfabet (800 f.v.t)
Eit svært tidleg eksempel på det greske alfabetet: Ei kopartavle med alfabetøvingar frå år 800 fvt. Dette er ei tidleg form av det greske alfabetet, ofte kalla Fayum-alfabetet, der bokstavane er påverka av nordsemittiske/fønikiske bokstaver
Det greske alfabetet
Det greske alfabetet
Lisens: CC BY SA 3.0

Gresk er eit språk som utgjer ei eiga grein av den indoeuropeiske språkfamilien. Det har utvikla seg og har vore talt i Hellas sidan rundt 2000 fvt. Gresk er førstespråket til over 13 millionar menneske. Over 10 millionar av dei bur i Hellas, nærmare 700 000 på Kypros, 60 000 i Albania, 42 000 i Egypt, 20 000 i Italia – og det finst mindre grupper i land over heile verda.

Gresk er det einaste offisielle språket i Hellas, og det er offisielt språk på Kypros i tillegg til tyrkisk.

Endonymet for språket er Ellēniká [ɛliniˈka] Ελληνικά. Ein grekar heiter Ellēnída [ɛliˈniða] Ελληνίδα (hokjønn) og Éllēnas [ˈɛlinas] Έλληνας (hankjønn). Dei viktigaste greskspråklege landa, Elláda [ɛˈlaða] Ελλάδα 'Hellas' og Kúpros [ˈcipɾɔs] Κύπρος 'Kypros', har hovudstadene Athḗna [aˈθina] Αθήνα 'Aten' og Leukōsía [lɛfkɔˈsia] Λευκωσία 'Nikosia'.

Namnet på språket og landet

Norsk er mellom dei få språka i verda der Hellas heiter meir eller mindre det same som på gresk. Ordet grekar heng saman med latin Graecus 'gresk'. Graecus er lånt frå gamalgresk Graikós Γραικός 'gresk', eit ord med same tyding som gamalgresk Hellēnikós Ἑλληνικός 'hellensk'. På gamalgresk heitte landet Hellás Ἑλλάς, og på nygresk Elláda [ɛˈlaða] Ελλάδα og Ellás [ɛˈlas] Ελλάς.

Dei fleste språk har eit namn på Hellas med opphav i latin Graecia [ˈɡɾæːkia], jamfør engelsk Greece, dansk Grækenland, islandsk Grikkland, finsk Kreikka, russisk Grécija Греция og mongolsk Grek Грек.

arabisk heiter Hellas Yūnān ﻳﻮﻧﺎﻥ, av gamalgresk Ἰωνία 'Jonia'. Ein del språk har eit namn på Hellas som kjem frå arabisk, jamfør hindi Yūnān यूनान og tyrkisk Yunanistan.

Nokre få språk har eit namn som kjem av gamalgresk Hellás Ἑλλάς eller Hellēnikós Ἑλληνικός, jamfør norsk Hellas, hawaiisk Helene, mandarin Xīlà 希腊 og vietnamesisk Hy-lạp.

Språkfamilie

Gresk utgjer ei eiga grein av den indoeuropeiske språkfamilien.

Språkhistorie

Dei eldste greske tekstane stammar frå rundt 1400 fvt. (sjå mykensk), og gresk er dermed det indoeuropeiske språket som har den lengste, nesten samanhengande skriftlege tradisjonen. Men mellom mykensk (som vart skrive i ei eiga stavingsskrift av egeisk opphav, kalla linear B, og som vart dechiffrert først i 1952 av Michael Ventris i samarbeid med John Chadwick) og dei eldste innskriftene i det greske alfabetet ligg ein 400-årig periode utan skriftlege minnesmerke (såkalla «mørke hundreår»). Med dette unntaket kan utviklinga til det greske språket følgjast kontinuerleg gjennom 3400 år. Det gir gresk ei spesiell betydning for samanliknande språkforsking.

Det er verd å merke seg at i motsetning til latin, som i sine moderne former (sjå romanske språk) er morsmål for mange hundre millionar menneske i Europa og elles i verda, har gresk ei utviklingskurve med eit tydeleg høgdepunkt i den hellenistisk-seingreske perioden (rundt 300 fvt.–500 evt.), då gresk var det dominerande språket i heile det austlege middelhavsområdet med utløparar frå Spania til India.

Gresk etter 1453, då det bysantinske riket fall, kallar vi nygresk. Då vart gresk avgrensa hovudsakleg til kjernelandet Hellas, inklusive øyane i Egearhavet og dessutan Kreta og den gresktalande delen av Kypros. Dette tilsvarar omtrent utstrekkinga av gresk busetjing i mykensk tid.

Heilt sidan den etterklassiske koiné-perioden (330 fvt. – 330 evt.) har det vore ei tevling mellom eit naturleg daglegspråk og eit arkaiserande språk påverka av klassisk gresk. På 1800- og 1900-talet fanst to konkurrerande skriftspråk, det talespråksbaserte, folkelege dēmotikḗ [ðimɔtiˈci] δημοτική og det arkaiserande, puristiske katharéuousa [kaθaˈɾɛvusa] καθαρέυουσα. I 1976 blei dēmotikḗ det einaste offisielle språket i Hellas.

Språksystem

Nygresk skil seg frå gamalgresk og dei fleste andre europeiske språk ved å mangle infinitiv. Dette er eit typisk drag ved språka på Balkan. Sjå denne setninga, der ei verbform i konjunktiv, grápsō [ˈɣɾapsɔ] γράψω 'eg skriv', er nytta der norsk ville ha nytta infinitiv:

θέλω να γράψω ένα γράμμα
thélō na grápsō éna grámma
[ˈθɛlɔ na ˈɣɾapsɔ ˈɛna ˈɣɾama]
'eg vil' 'for at' 'eg skriv' 'eit' 'brev'

'Eg vil skrive eit brev.'

Som det går fram av dømet ovanfor, er nygresk eit SVO-språk, det vil seie at setninga vanlegvis byrjar med subjektet (S), held fram med verbet (V) og sluttar med objektet (O) og eventuelle andre ledd.

Alfabet

Det greske alfabetet blir i dag brukt til å skrive språket gresk. Orda alfabet kjem frå dei to første bokstavane i det greske alfabetet, alfa og beta. Det greske alfabetet blir rekna som forløparen til dei latinske og kyrilliske alfabeta.

Dei greske bokstavane blir ofte brukte som symbol og nemningar innanfor matematikk og andre vitskaps- og teknologifag, sjå til dømes pi π.

Det greske alfabetet består av sytten konsonantteikn og sju vokalteikn. Det er utvikla frå ein nordvestsemittisk (fønikisk) alfabetskrift i perioden rundt 1000–750 fvt. Tegn for konsonantar som ikkje fanst i gresk, vart tekne i bruk som vokalteikn.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (2)

skreiv John Christian Gulliksen

Hei! Et lite spørsmål til det greske alfabetet: Skiller dette alfabetet ("vanlig gresk") seg veldig fra et gammelgresk alfabetet? Hvis det er store forskjeller i dagens greske alfabet mot det gammelgreske, hvor kan man evt. finne en oversikt over ett gammelgresk alfabet? (Ønsker å finne bokstavtyper som ble brukt på Alexander den stores tid:) Med hilsen John Chr.

svarte Federico Aurora

Hei! Fram til slutten av det 5. århundret var det en del lokal variasjon (antall bokstaver, forma og verdien deres) i alfabeta brukt i de gresk-språklige områda. Men da bystaten Athen tok i 403-2 f.Kr. offisielt i bruk den joniske versjonen av det greske alfabetet, spredde dette seg fort til resten av den greske verden. Dette er alfabetet som fortsatt brukes i de moderne utgavene av de antikke tekstene og for å skrive nygresk (altså "vanlig gresk"). Du kan finne et godt eksempel på dette alfabetet, fra den tida du er interessert i, i innskrifta som Aleksander den store lot risse i marmor i Athenes tempel i Priene ca. 330 f.Kr. [https://www.britishmuseum.org/research/collection_online/collection_object_details.aspx?objectId=437260&partId=1&searchText=athena+polias&people=72426&page=1] (men merk de bitte små forksjellene i forma av bokstavene for [ks] [p] og [th] i forhold til deres moderne versjoner).

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg