Gulbrilledue er ein stor duefugl i duefamilien og har naturleg utbreiing i Afrika sør for Sahara og Midtausten.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Columba arquatrix
- Beskriven av
- Temminck, 1808
Som vaksen veg fuglen rundt 380 gram.
Arten er knytt til tropisk fjellskog, plantasjar, fuktig tropisk skog og mangroveskog. Gulbrilledue er ein planteetar som lever av frukt og frø som han finn i buskar og i tre.
I løpet av hekkeperioden legg hofuglen eitt egg som blir ruga ut i løpet av ca. 17 dagar. Ungane forlèt reiret om lag tre veker etter klekking.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.