Illativ er i grammatikken ein kasus som tyder 'til (ein stad)', som på norsk «Ho har reist til byen» eller 'inn i', som på norsk «Ho gjekk inn i huset».

Faktaboks

Uttale

illativ

Etymologi
av latin ‘føre inn i’

Illativ er ikkje ein vanleg kasus i indoeuropeiske språk, så ein må gå til andre språkfamiliar for å finne eksempel – til dømes dei uralske språka. Nedanfor er nokre eksempel frå nordsamisk og finsk. I nokre indoeuropeiske kan ein uttrykkje tydinga til illativ med kasusen akkusativ, som i avsnittet Tilstadskasus i latin lenger nede.

Illativ i nordsamisk

Dei samiske språka har kasusen illativ, som i det nordsamiske eksempelet nedanfor, som tyder 'Mattis reiste til Masi'. Mázii 'til Masi' er illativ av Máze 'Masi':

Máhtte vulggii Mázii
Mattis reiste til Masi

Samiske språk brukar også illativ der mange indoeuropeiske språk brukar dativ, til dømes for å uttrykkje mottakaren av noko. Denne setninga tyder 'eg gir deg ei bok', der dutnje 'til deg' er illativ av don 'du':

Mon attán dutnje girjji
eg gir deg bok

Illativ i finsk

I finsk er illativ eit indre tilstadskasus, som står i motsetnad til inessiv (indre påstadskasus, 'inne i') og elativ (indre fråstadskasus, 'ut frå'), illustrerte i desse setningane med illativ, inessiv og elativ av substantivet talo 'hus':

  • Illativ: Koira meni taloon 'Hunden (koira) gjekk (meni) inn i huset (taloon)'
  • Inessiv: Tyttö nukkuu Toivon talossa 'Jenta (tyttö) søv (nukkuu) i huset (talossa) til Toivo (Toivon)'
  • Elativ: Mies tuli ulos talosta 'Mannen (mies) tuli (kom) ut (ulos) frå huset (talosta)'

Dei tre indre kasusa står i motsetnad til tre ytre kasus, allativ (ytre tilstadskasus, 'til overflata av') og adessiv (ytre påstadskasus, 'på overflatsa av') – her illustrerte med substantivet lattia 'golv':

  • Allativ: Kirja putosi lattialle 'Boka (kirja) datt (putosi) på golvet (lattialle)'
  • Adessiv: Matto on lattialla 'Matta (matto) er (on) på golvet (lattialla)'
  • Ablativ: Otatko maton lattialta?'Tek du (otatko) matta (maton) frå golvet (lattialta)?'

Tilstadskasus i baskisk

Baskisk har ein tilstadskasus med den generelle tydinga 'til', men denne kasusen går under namnet allativ. Til dømes er Donostiara 'til Donostia' allativ av bynamnet Donostia (spansk San Sebastián):

  • Donostiara joango da. 'Han skal reise til Donostia'

Tilstadskasus i latin

Latin kan uttrykkje 'til (ein stad)' med akkusativ — såkalla retningsakkusativ. Dette er mest brukt ved byar og mindre øyar. I følgjande setning er Rōmam er akkusativ av Rōma 'Roma':

  • Rōmam venit hodiē. 'Ho/han kom til Roma i dag.'

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg