Ingressiv er ei form av verbet som uttrykkjer byrjinga på ei handling eller overgangen til ein tilstand, som sovne 'begynne å sove' og kvitne 'bli kvit'.
Andre namn på ingressiv er inkoativ og inseptiv.
Ingressiv er ei form av verbet som uttrykkjer byrjinga på ei handling eller overgangen til ein tilstand, som sovne 'begynne å sove' og kvitne 'bli kvit'.
Andre namn på ingressiv er inkoativ og inseptiv.
Ingressiv er ein aksjonsart — også kalla leksikalsk aspekt — ein grammatisk kategori som gjeld korleis handlinga eller tilstanden er strukturert langs tidsaksen. Her er nokre andre aksjonsartar:
Det motsette av ingressiv er egressiv, som uttrykkjer avslutninga på ei handling eller ein tilstand.
Termen ingressiv blir òg nytta i fonetikken, om lydar som blir produserte med inngåande luftstraum, jamfør ingressiv lyd.
Norsk har fleire ingressive verb med avleiingssuffikset -n, som er lagt til rota til eit verb eller eit adjektiv:
Ikkje-ingressivt verb | Ingressivt verb | Adjektiv | Ingressivt verb | ||
---|---|---|---|---|---|
sov-e | ⇨ | sov-n-e | bleik | ⇨ | bleik-n-e |
vak-e | ⇨ | vak-n-e | klar | ⇨ | klar-n-e |
kvit | ⇨ | kvit-n-e | |||
lys | ⇨ | lys-n-e | |||
mørk | ⇨ | mørk-n-e | |||
still | ⇨ | stil-n-e | |||
stiv | ⇨ | stiv-n-e | |||
svart | ⇨ | svart-n-e |
Den latinske ingressiven har suffikset -sc, som dannar verb i 3. konjugasjon. Dei er danna frå verb, adjektiv eller substantiv:
Dei samiske språka er uvanleg rike på mekanismar for å danne ingressive verb, som i desse språka oftast blir kalla inkoative. Her er nokre døme frå nordsamisk:
Grunn-verb | Tyding | Ingressivt verb | Tyding | |
---|---|---|---|---|
lohkat | lese / telje | ⇨ | lohkagoahtit | begynne å lese / telje |
buohcit | vere sjuk | ⇨ | buohccát | bli sjuk |
čeagŋát | sitje på huk | ⇨ | čegŋet | huke seg ned |
golgat | flyte, drive | ⇨ | golggiidit | begynne å flyte, drive av stad |
bieggat | blåse (om vind) | ⇨ | biekkastit | begynne å blåse (om vind) |
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.