Jamfør er imperativ av verbet ’å jamføre’. Å jamføre betyr å samanlikne. Når ordet blir brukt i imperativ, «jamfør», blir det forkorta jf. (tidlegare forkorta jfr.). Då blir det brukt for å vise at noko er relevant for eller har samanheng med noko anna.
Faktaboks
- Etymologi
-
etter svensk jämföra 'dele i like store bitar'
- Også kjend som
-
jevnfør, jf., jfr.
I enkelte samanhengar blir brukt jamfør i betydninga ’i samsvar med’, til dømes innan jus når det blir vist til rettskjelder som rettsavgjerder, lover eller juridisk teori. Døme: «Høgsterett kom til at lovas del 5 andre ledd hadde tilbakeverkande kraft, jf. Grunnlova § 97.» Det betyr at Høgsterett si avgjerd er basert på føresegnene i paragraf 97 i Grunnlova (som forbyr at lover får tilbakeverkande kraft).
I enkelte fagtekstar blir jamfør brukt som ei uspesifikk tilvising mellom to delar av ein tekst, eller frå éin tekst til ein annan.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.