Faktaboks

Også kjend som

khowari

Uttale

khowar

Språkkodar
khw (KHW)
ISO-639:3
khw

Khowar er eit indoarisk språk som blir snakka av nærmare 380 000 menneske (2018) i Chitral i det nordlege Pakistan.

Khowar høyrer til dardspråka.

Skriftspråket i Chitral var lenge persisk, men er no erstatta av urdu. Det har vakse fram ein nasjonal litteratur på khowar.

Den norske indologen Georg Morgenstierne (1892–1978) samla under ekspedisjonar i 1920-årene inn folkedikting som berre delvis er utgitt, og gav ei grammatisk beskriving av språket 1947. Morgenstierne karakteriserte khowar som det mest arkaiske av alle ny-indoariske språk.

Les meir i Store norske leksikon