Kjempekonglefuru er ein nordamerikansk bartreart i furuslekta. Treet kan bli 25 meter høgt med stammediameter på kring 100 centimeter. Under gode vekstvilkår kan trea bli over 30 meter høge. Arten har fått sitt norske namn fordi dette er den furuarten som har dei tyngste konglene. Dei kan bli minst 3,6 kilogram tunge, men er vanlegvis kring 2 kilogram.
Faktaboks
- Etymologi
-
Artsepitetet, coulteri, er ei oppkalling etter den irske botanikaren Thomas Coulter som samla typeeksemplaret i 1831.
- Også kjend som
-
storkonglefuru, coulterfuru, coulter pine, bigcone, nut pine, pitch pine
- Vitskapeleg namn
- Pinus coulteri
- Beskriven av
-
David Don (skotsk botanikar som publiserte arten i 1836)
- Global rødlistestatus
- NT (nær trua)
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.