Klaffebukse er ei bukse med smal eller brei klaff som opning framme. Etter at gylfen vart meir vanleg som opning i bukse vert klaffebuksa mest berre brukt i bunader. Andre namn er lokkbrok, lembukse.
Faktaboks
- Også kjend som
- klaffebrok, klaffboks (Trøndelag), blokabrok, blokabukse (Vestlandet), lemmebrok, lembrok (Flesberg), lemmebukse, flakebukse (Agder), lokabrok, lokabukse, lokkboks (Namdalen), lokkbukse (Røros), lukebukse (Sunnfjord)
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.