Før den angelsaksiske busetjinga, som tok til på 400-talet evt., var Storbritannia truleg reint keltisktalande. Britanniske språk blei tala frå Skottland til Cornwall/Kernow. Eit mogleg unntak er det piktiske språket i Skottland, som døydde ut tidleg i mellomalderen.
Angelsaksarane busette seg stadig lenger vestover, og på 800-talet var bruken av kornisk meir eller mindre avgrensa til det moderne fylket Cornwall/Kernow. Frå 1300-talet utgjorde det korniske språkområdet ein gradvis mindre del av fylket. Språket levde lengst i Penwith/Pennwydh, som grovt svarar til det lysaste området nede i sørvest.
Dolly Pentreath (1692–1777) frå Paul (tidlegare Brewinney) / Breweni – ein landsby 3 km sør for byen Penzance/Pennsans – blir ofte rekna som den siste kjende talaren av tidleg nykornisk, og dødsdagen hennar blir gjerne rekna som dødsdagen til kornisk. Men truleg blei språket nytta til inn i 1790-åra, mellom anna i landsbyane Mousehole/Porthrenys og Marazion/Marhasyow. Det skal ha vore folk som kunne føre enkle samtalar på kornisk heilt fram til 1890-åra, og korniske fiskarar kunne telje på kornisk fram til 1930-åra.
Kring år 1900 oppstod det eit ønske om å vekkje til live det korniske språket att, og Handbook of the Cornish Language, som den korniske keltologen Henry Jenner (1848–1934) gav ut i 1904, var viktig for revitaliseringsarbeidet. Det har vore ein del usemje om forma på oppattliva kornisk – skulle det byggje på mellomkornisk eller tidleg nykornisk? Ikkje uventa har det òg vore ein del diskusjon om korleis språket skal uttalast – ikkje så rart med tanke på at språket var bortimot heilt dødt i over hundre år.
I 2005 blei det skipa eit kornisk språksamlag – «Keskowethyans an Taves Kernewek» – som i 2007 la fram ei ny rettskriving, Kernowek Standard ('standard kornisk'). Målet var å kome fram til eit kompromiss som alle kunne semjast om, og ein valde å basere standarden på eit spel skrive på sein mellomkornisk frå 1611, Gwreans an Bys (The Creacon of the World) ('Skapinga av verda') av William Jordan. Denne nye rettskrivinga blir nytta i skulen, i offisielle dokument og på vegskilt.
Det er kring 500 førstespråkstalarar. Dei har vakse opp i heimar der foreldra, som var andrespråkstalarar, snakka kornisk til ungane sine. I 2010 opna den korniske barnehagerørsla, «Mowyans Skolyow Meythrin», den første korniskspråklege barnehagen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.