Redwood
Kystmammuttre er eit bartre frå California som heiter redwood på engelsk. Det kan bli 1000 år gammalt og over 100 meter høgt.
Redwood
Av /Shutterstock.

Kystmammuttre er eit bartre i sypressfamilien som høyrer heime i vestlege California (USA). Det blir ofte omtala med det amerikanske namnet redwood, særleg når det er tale om trelast. Treet kan bli 1000 år gamalt og bli over 100 meter høgt.

Faktaboks

Uttale

kystmammuttre

Også kjend som

redwood, coast redwood, californian redwood, kalifornisk redwood.

Vitskapeleg namn
Sequoia sempervirens
Beskriven av

(D.Don) Endl.

Utbreiing
California

Yteveden er gulaktig, medan kjerneveden er blank raudleg, som med kvart blir mørkare. Veden har ein tettleik på omtrent 0,39 g/cm3 ved 15 prosent fukt.

Bruk

Veden er luktfri og inneheld nesten ikkje harpiks. Han har stor søylestyrke, men liten bjelkestyrke. Ved av kystmammuttre gir dårleg skrue- og spikarfeste, er sprø og blir lett splitta. Materialet er likevel svært haldbart og stabilt, men ubehandla virke i friluft får lett skjoldar. Veden er også letttenneleg.

Veden er eit godt eigna materiale der påkjenningane ikkje er for store, blant anna til innvendige panel, finér og hagemøblar. Ved markedsføring kan veden få fantasinamn som for eksempel «rainwood».

På en del marknader blir også furu kalla redwood, i motsetning til gran (whitewood).

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Sequoia sempervirens

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg