Lov om perlefiskeriet er ei norsk lov frå 1845 som regulerer rett til fiske etter perlemuslingar. Frå 1691 til 1845 eigde den danske dronninga alle perler i Noreg, frå 1845 fekk grunneigarane retten til perlene. Lova er lite aktuell i dag, fisket etter elvemuslingar vart lågare frå midten av 1700-talet, og elvemuslingar vart totalfreda i 1993. Lova er blant dei eldste norske lovene som framleis er gyldige.
Faktaboks
- Fullt namn
- Lov om Perlefiskeriet
- Vedteken
- 07.06.1845
- Lovdata-ID
- NL/lov/1845-06-07
I tidlegare tider var elvemuslingen ein viktig ressurs på grunn av perlene, kanskje spesielt i Skandinavia og Russland. Det førte til stort press på arten. Det vart fanga store mengder perler, særleg til kongehusa og kyrkja. For å få gode perler måtte ein ta livet av svært mange elvemuslingar. Rundt éin av tusen elvemuslingar har perler i seg, av desse er det igjen berre éin av tusen som har så høg kvalitet at dei kan brukast til utsmykking.
Frå 1665 skulle kongen i København ha fyrsterett til alle perler frå Noreg. Det vart tilsett lokale perleinspektørar, og det var straffbart å drive ulovleg perlefangst. I 1691 overtok dronninga alle rettar til perlene. I 1733 var bestanden så låg at det vart innført mellombels stans i fiske. Frå 1845 vart rettane til perlene overført til grunneigarane.

Den norske arvefyrstekrona frå 1846 er den einaste av dei norske kronregaliaa som heilt sikkert har perler frå elvemusling. Krona vart teikna av Johannes Flintoe og laga av gullsmed Herman Colbjørnsen Øyset i Christiania. Krona, som aldri har vore brukt, er åttetakka og har 32 norske ferskvassperler og fargerike smykkesteinar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.